Uskedal Utvikling

Uskedal Utvikling er eit lag innmeldt i frivillighetsregisteret og har org.nr. 990 787 158.  Uskedal Utvikling står mellom anna for drifta av Gamleskulen, nettsida uskedalen.no, turstiar og blomar i bygda. Medlemskontingent er kr 200 pr år.

Les meir

Aktivitetshuset

Uskedal Aktivitetshus AS vart stifta 18.desember i 2001. Formålet med selskapet er å eiga, utvikla og leiga ut aktivitetshus i Uskedalen. Uskedal idrettslag er største aksjonær, ….

Les meir om Aktivitetshuset

Uskedal Bedehus

I Uskedal bedehus er det aktivitetar for alle aldersgrupper. I tillegg til ein del faste aktivitetar, blir årleg arrangert fleire møteveker.

Les meir om Uskedal Bedehus

Uskedal Båtlag – Øyro marina

Foto: Fylkesnes

Uskedalen har eit framifrå tilbod med omsyn til båthamner. Ved sida av Uskedal Båtlag si hamn ligg Øyro Marina. Båthamnene er godt tilrettelagt som gjestehamner.

Les meir om Uskedal båtlag her

Uskedal Helselag

Uskedal Helselag vart stifta i 1917 og er tilknytta Nasjonalforeningen som er ein frivillig humanitær og upolitisk organisajon.

Les meir om Uskedal Helselag

Uskedal Historielag

Uskedal Historielag er ein medlemsorganisasjon, registrert i Frivilligregisteret, som har til føremål å samla inn, systematisera, registrera og arkivera skriftleg materiale, tilfang og minnestoff frå Uskedalen …

Les meir om Uskedal Historielag

Uskedal Musikklag

Musikklaget består av ei stødig gruppe på 11 medlemmer. Vi øver ein gang i veka, og opptrer i ulike samanhengar i bygda og i nabobygdene. Korpset har siste åra hatt rundt 15 opptredenar i året.

Les meir om Uskedal Musikklag

Røysterett For Alle

RØYSTERETT FOR ALLE er eit blanda kor med base i Uskedalen. Koret har aktive medlemmer frå bygdene på strekningen Rosendal – Sunde. Det heile tok til med eit lite kor som song på kulturprisutdelinga til Bjørgulv Eik i desember 1987.

Les meir om Røysterett for alle

Uskedal skulemusikk

Uskedal skulemusikk har dei siste åra hatt ei positiv utvikling i medlemstalet. Skulemusikken har øving kvar onsdag, aspirantar kl.16.45-17.45, skulemusikk frå kl.17.45.

Les meir om Uskedal skulemusikk

Uskedal Sokneråd – Uskedal kyrkje

Uskedal Ungdomslag

Uskedal ungdomslag eig ungdomshuset Helgheim i sentrum av Uskedalen. Laget har også hytta Fjelly ved Mannsvatnet. Anna kvar onsdag vert det arrangert bingo i Helgheim

Les meir om Uskedal ungdomslag