Foto: Atle Helland

RØYSTERETT FOR ALLE er eit blanda kor med base i Uskedalen. Koret har aktive medlemmer frå bygdene på strekningen Rosendal – Sunde.

Det heile tok til med eit lite kor som song på kulturprisutdelinga til Bjørgulv Eik i desember 1987.

Den musikalske leiaren i koret er for tida Maria Malmsten. Koret som tel 33 songarar er svært aktive med songarstemne, ulike prosjekt, julekonsertar og song på aldersheimar, institusjonar og ellers på tilskipingar av ulike slag.

Foto: Atle Helland

Koret har vore på utanlandsturar og har mellom anna besøkt Italia, Skottland, Latvia, Nederland. I jubileumsåret 2018 var koret til Polen og Krakow.

Koret øver kvar torsdag frå kl. 19.00 – 21.30 i ungdomshuset Helgheim, sentralt i Uskedalen.

Foto: Atle Helland

Styre 2024:
Styrar: Sylvi Hjelmeland
Nestleiar: Arne Myklebust
Skrivar: Lene Taranger
Kasserar: Oddveig Blomdal
Styremedlem: Bente Elin Nævdal
Vararepresentant: Steinar Naterstad
Vararepresentant: Wenche Evensen

Rev.-A-24: H.O.Østebø