Turløyper og merka stiar i Uskedalen

Her er presenter nokre turforslag. Klikk på bileta for meir utfyllande informasjon.

Omtale
Lett turveg der ein går forbi badestrand, beitande dyr og gamal karakteristisk busetnad. Frå Dønhaug har ein stor og vid utsikt over bygda, Storsundet, Skorpo og Hardangerfprden. Ein tur for å bli kjent med Uskedalsbygda og naturen rundt.

Omtale
Ein går over brua og føl skogsbilvegen til venstre. Etter vel 1 km kjem ein fram til Uskedalen elveeigarlag sin kalkestasjon. Dette er endepunktet på turen. Ved kalkestasjonen er det sett opp bord der ein kan nyta nista.

Omtale
Grusa gangveg opp gjennom byggjefeltet til tydeleg sti opp lia via Ådnaklett og Storhaug. Lett gange frå Storhaug inn til Mannsvatnet. Legg merke til dei karakteristiske moreneryggane.

Omtale
Grusa gangveg opp gjennom byggjefeltet til godt  skilta og merka tydeleg sti opp lia via Ådnaklett og Storhaug.
Frå Storhaug og inn mot Mannsvatnet kan ein sjå dei karakteristiske moreneryggane. Ta av frå stien til Mannsvatnet ved skilt til Solfjell. Bratt stigning siste del av turen. Vakkert rundskue frå toppen.

Omtale
Gjennom grinda følgjer ein skogsvegen ca 1 km opp til vegkryss med skilt til venstre for Mannsvatnet og Tverrfjell. Følg skogsvegen til endes til skilt for stien opp gjennom bjørkeskogen. Over tregrense følgjer ein merkinga over Hauglandsfjellet til Tverrfjell.

Omtale
Følg merkinga frå parkeringsplassen, gjennom gardstun, opp skogsveg og inn på sti. Bratt i starten, men etter kvart lettare terreng gjennom gammal furuskog og over myrar. Deretter på fast fjell. Storslått utsikt over Sunnhordland frå toppen.

Omtale – Frå Eik
Følg merking innover Eikedalen til Flåtene. Vidare oppover mot Eikedalsskardet og til Jordsvatn 777 moh.
Her er stidele til Manen 1014 moh. Siste delen av merkinga opp til Englafjell går i bratt ur med ein del lause steinar.
Få stader har ein så vidt utsyn som frå Englafjell.

Omtale – Frå Fedt
Frå starten ved gardsløa, gå vegen forbi gardstunet, og inn på grasbeite opp til skogsveg. Følg skogsvegen ca 300 m. Ta deretter av mot venstre og følg merkinga gjennom tett granskog og etter kvart noko bratt. Over tregrensa får vi ein praktfull utsikt som vert betre og betre etter høgare vi kjem.

ULVANOSA

Høgetinden
Geitadalstind

Omtale
Dette er ein krevjande tur, med start på Haugland går turen inn til Kalkstasjonen langs skogsbilveg. Viare er det godt merka sti. Det er fleire fine utsiktspunkt langs stien. Terrenget flatar ut ved Låganosa 540 meter.  Stien deler seg eit stykke etter låganosa, mot Høgetinden eller Geitadalstinden. Geitadalstinden er mest krevjande. Seinsommar og haust kan det vær lite vatn å finna over 500 meter.