Praktisk info
Start- og sluttpunkt: Busslomme på Rv. 48 ca 150 meter nord for bensinstasjonen, mot Rosendal.
Parkering: Ved Gamleskulen i sentrum. Stor parkeringsplass med informasjonstavle for Uskedalen.
Merking: Informasjonstavle ved busslomma. T–merka og skilta.
Gradering: Blå. Moderat krevjande,to støvlar etter DNT-systemet.
Høgde forskjell: 20 – 600 moh
Tidsbruk: 4 timar t/r

Gode råd
Ein kan gå langs vestsida av Mannsvatnet til ungdomslagshytta Fjelly, og vidare inn til idylliske Vatnastølen med to restaurerte stølshus. Alternativ retur kan vera den merka ruta ned til Øvre Haugland, sjå oversiktskart.

Omtale
Frå FV500 ved busstopp er sti merka og skilta opp lia via Ådnaklett og Storhaug. Lett gange frå Storhaug inn til Mannsvatnet. Legg merke til dei karakteristiske moreneryggane.
Alternative vegar er skogsbilveg på Kjærland og Haugland.