Praktisk info
Start- og sluttpunkt: Parkeringsplass ved Padlane på Eik.
Parkering: Ta av frå Rv 48 ved brua over Eikelva 2 km frå sentrum, retning Husnes. Følg Eikevegen 800 meter bratt oppover til liten parkeringsplass der merkinga startar.
Merking: Informasjonstavle ved parkeringsplassen. Skilta og T-merka.
Gradering: Raud. Noko krevjande, 4 støvlar etter DNT-system.
Høgdeforskjel: 60 – 1014 moh.
Tidsbruk: 5 timar t/r.

Gode råd
Kan vera myrlendt nokre stader. Bruk godt fottøy.
Som alternativ nedtur kan ein gå mot Herøysundet eller Husnes, sjå oversiktskart.

Omtale
Følg merkinga frå parkeringsplassen, gjennom gardstun, opp skogsveg og inn på sti. Bratt i starten, men etter kvart lettare terreng gjennom gammal furuskog og over myrar. Deretter på fast fjell. Storslått utsikt over Sunnhordland frå toppen.