Praktisk info
Start- og sluttpunkt: Eik i Uskedalen
Parkering: Ved Gamleskulen i sentrum. Stor P-plass med informasjonstavle for Uskedalen.
Gå langs Rv 48 forbi brua over Eikeelva 2 km frå sentrum, retning Husnes.
Følg Eikevegen opp gjennom eit par krappe svingar og ta til venstre ved turskilt.
Merking: Informasjonstavle ved Eikevegen, T-merka med skilt og vardar.
Gradering: Svart. Krevjande, fire støvlar etter DNT-systemet.
Høgdeforskjell: 5 – 1200 moh.
Tidsbruk: 7 timar t/r.

Gode råd
Siste delen opp til Englafjell er bratt ur med ein del lause steinar, gå forsiktig både for eigen del og for turfylgjet sin del. Sjå også omtale for alternativ rute ‘Englafjell frå Fet’ som opnar for ein fin rundtur.

Turomtale
Følg merking innover Eikedalen til Flåtene. Vidare oppover mot Eikedalsskardet og til Jordsvatn 777 moh. Her er stidele til Manen 1014 moh.
Siste delen av merkinga opp til Englafjell går i bratt ur med ein del lause steinar.

Få stader har ein så vidt utsyn som frå Englafjell.