I Uskedalen er fleire flotte attraksjonar som er vert å ta nærare i augesyn.

Freda offisersbustad

Kapteinsgården er ein freda offisersbustad frå 1700-talet, bygd i bergensk empirestil. Kapteingarden ligg på Fedt. Fransk tapet frå 1800 og ulefossovn frå 1786. Har vore gjestgiveri i over 50 år, men er no i privat eige.

Rødtunet

Bygdetunet på Rød har stovehus, stabbur, smie og kvern frå 1700-talet og syner bu- og levemåte på ein kvinnheradsgard frå siste hundreåret. Saman med Dønhaugsamlinga inneheld bygdetunet meir enn 450 gjenstandar. Omvisning kan tingast ved å kontakte Kristian Bringedal på mobil: 915 31 487

Bøkkervarkstaden

Nede ved fjorden ved Storsundet på Rød, ligg ein restaurert bøkkerverkstad og ei sjøbrukssamling.

Skulemuseum på Haugland

Haugland gamle skule midtvegs oppe i dalen er skulemuseum for Kvinnherad. Skulen vart reist i 1893 og var fast skule for Haugland og Musland krins til 1966.

Revolverkanon

Revolverkanona på Myklebust kai er eit anna minne frå krigshendingane i Uskedalen i 1940, då kanona vart nytta. Den er den einaste i sitt slag i landet.

Uskedal kyrkje

Uskedal kyrkje vart bygd i 1914 etter teikningar av domkyrkjearkitekt Olaf Nordhagen og restaurert i 1963. Då vart det særeigne kuppelforma tårnet skifta ut.

Minnesteinar for to krigar

Bautasteinen inntil Uskedalens permanente julegran er ein minnestein for utkommanderte i krigen 1807/1814, reist i 1914. Den er ein av dei største av sitt slag i landet.

Ved stemneplassen ovanfor brua er det ein minnestein, reist i 1995, for alle som var aktive i kirgshendingane og motstandsarbeidet under siste verdskrigen. Her er det og ei minnetavle over Wilhelm Bjelland, som gav grunnen til stemneplassen vederlagsfritt og elles er kjent for dikta sine, mellom anna ein av Uskedalssongane.

Kart med lokasjonar og turstiar i Uskedalen