Begge er over 80 år og har halde saman sidan dei var 3 og 4 år.
Per Myklebust ( 80 år 20. febr.) og Ståle Eik ( 81 år 12. mai ) har halde saman sidan dei var 3 og 4 år. Ein fødsel oktober 1948 var truleg fyrste møte mellom dei. Fredsy, mor til Per, var ute i jordmorteneste då Audun Eik, bror til...
Les meirTenester
Under tenester er det samla informasjon om nokre av aktivitetane som Uskedalen har å by på. I menyen under tilbod er det samla informasjon om og orientering frå nokre av dei aktive laga i bygda.
Produkter



Porten til Hardanger
Bygdeutviklingsprosjektet lyste ut ei uformell tevling om det beste mottoet for bygda. Det skal nyttast i all PR- og profileringsverksemd heretter. Reaksjonen var heller liten. Det tolka vi som eit varsel om at det motto vi for vår del likte best også er det klårt beste – Porten til Hardanger.
Vi får med andre ord støtte i det syn at det er her i Uskedalen det historiske skillet går mellom Hardanger og Sunnhordland. Vi sit bokstaveleg tala midt i porten! Dessuten bur vi midt i Kvinnherad! Mottoet vart difor nytta i den første ”offisielle” publikasjon som Bygdeutviklingsprosjektet kom med, den nye brosjyra som vart spreidd i området. Her på heimesida er mottoet sjølvsagt og nytta. Mottoet har toppa ein etterkvart nokså omfattande PR-offensiv for Uskedalen.
Kvifor ynskjer vi så å profilera Uskedalen sterkare?
Fordi vi meiner vi bur i ei bygd med slike unike kvalitetar at vi bør bli fleire og at fleire bør vitja oss. Natur-ramma med heile spekteret frå fjord til fjell ligg der og ventar. Fritidstilbodet er også svært godt. Lagslivet har noko å frista med for alle. Førebels er det ikkje er så mange arbeidsplassar i sjølve Uskedalen, men det er praktisk å bu her og jobba ein annan stad. Fleire nye og spanande prosjekt peikar mot ein klår auke i folketalet. No er vi rundt rekna 1.000.
-
Kven er Uskedal Utvikling?Uskedal Utvikling vart skipa i 1989 med det føremål å fremja samarbeid og utvikling i bygda.
-
uskedalen.noUskedal Utvikling er ansvarleg for drifta av den dugnadsbaserte nettsida uskedalen.no - DENNE NETTSIDA
-
Gamleskulen og Kafe 10'arenUskedal Utvikling står for drifta av Gamleskulen og kafe 10'aren i Gamleskulen