Uskedalen.no er 20 år.

I to tiår har nettsida uskedalen.no vore ei viktig stemma for og om Uskedalen. Det har vore ein plass for informasjon, historie og kvardagslivet i Uskedalen.

Det heile starta med Ola Matti Mathisen, med god hjelp frå, Magnhild Haugland, Karoline Neset, Thor Inge Døssland og Kristian Bringedal. Dei la grunnlaget for nettsida. Med engasjement og pågangsmot bygde Ola Matti opp ein nettsida som knytte bygda saman og gjorde små og store hendingar tilgjengeleg for alle.

Dei siste ti åra har Kristian hatt hovudansvaret. Med god hjelp frå Thor Inge og Hans Ordin har dei halde nettsida levande og relevant, og sørgt for at ho framleis er ein viktig del av bygda.

Uskedalen.no – er meir enn berre ei nettside – det er forteljing om fellesskap, dugnadsånd og stoltheit over bygda vår. Gjennom artiklar, bilete og oppdateringar har vi fått dela gode minne og viktige øyeblikk.

Tusen takk til dykk som har bidrege i desse 20 åra – de som har jobba nesten kvar dag for å halda sida levande, de som har jobba med det tekniske, og ikkje minst alle lesarane.

Utan dåke hadde dette ikkje vore muleg.

Vi vil arbeida for at Uskedalen.no skal halda fram i fleire tiår.

Kan du bidra til å halda nettsida levande?

Møt i Gamleskulen mandag 8.juni kl.18, der vil Hans Ordin ha kurs for dei som er interesserte.

Uskedal Utvikling

Gunn Mari Moberg