Praktisk info
Start: Uskedal Båthavn
Parkering: Ved Gamleskulen sentrum. Stor parkeringsplass med informasjonstavle for Uskedalen
Merking: Inga merking langs vegen. Skilt nokre stadar ved veg/sti kryss.
Gradering: Grøn. Lett fottur. Store deler av traseen kan nyttast med barnevogn eller med motorisert rullestol.
Høgdeforskjell 0 — 50 moh.
Tidsbruk 30 min.

Gode råd
Alternativ tilkomst til turvegen kan vera ved bensinstasjonen, campingplassen, sparbutikken eller Uskedal skule.
Det er bratt for rullestol og barnevogn opp frå Kjærlandsvegen til Dønhaug. Alternativt vegval her er å ta av til Dønhaug gardsbamehage og bruka vegen som går på oppsida av gardsløa. Ver forsiktig ved kryssing av Rv 48

Omtale
Lett turveg der ein går forbi badestrand, beitande dyr og gamal karakteristisk busetnad. Frå Dønhaug har ein stor og vid utsikt over bygda, Storsundet, Skorpo og Hardangerfprden. Ein tur for å bli kjent med Uskedalsbygda og naturen rundt.