Uskedal Helselag vart stifta i 1917 og er tilknytta Nasjonalforeningen som er ein frivillig humanitær og upolitisk organisajon.

Styre i Uskedal Helselag 2021

Leiar Eli Roseth Eik – Attval for 1 år (annakvar med nestleiar)
Nestleiar Jofrid Eik – Ny for 2 år
Kasserar Klara Bakke – Ikkje på val, 1 år att
Skrivar Randi M. Nybakk – Attval for 2 år
Styremedlem Line Soltveit – Ikkje på val, 1 år att
Varamedlem Astrid Haugse – Ikkje på val, 1 år att
Varamedlem Marian Hauso – Ny for 2 år
Revisor Karin S. Kjerpeseth – Attval
Revisor Haldis Åkra – Attval
Utsendingar til Friluftslaget: Else Marie Eik og Vivik Rimestad
Turnemnd: Eli Roseth Eik og Astrid Haugse

Valnemnd 2021:
Åse Myklebust (1 år att), Lene G. Skjelnes (2 år att) og Anne Guri Kildal

Tilhaldstad: Gamleskulen

Faste møte: Første tysdag i månaden

Lagshistorie
Les innlegg frå lagshistoria som Eli Roseth Eik lag til 100 årsfeiringa:

Uskedal Helselag 100 år

Informasjon om laget:

Laget yter i år midlar til hjarte/karforskning, kreftforskning og Demensaksjonen i regi av Nasjonalforeningen samt lokale saker etter søknad.

Årlege aktivitetar er basar, bøsseinnsamling mot demens, Syng med oss på Rosendalstunet, julegåver til pasientane ved Valen sjukehus og blomehelsingar til heimebuande uskedelingar over 90 år og til uskedelingar på sjukeheimane våre.

Gågruppa

Gågruppa møtest ved 10aren kl. 11.00 om tysdagane. Dette er ein lett tur der alle kan vera med.
Styrketrening for vaksne måndag kl. 11.00. Dette er trening som passar for alle.
Laget ynskjer sterkt å få med nye medlemer. Alle er velkomne til å vera med oss.

Kontakt gjerne Eli Roseth Eik på telefon 957 86 228

Rev.2021/ H.O.Østebø