Uskedal Utvikling vart skipa i 1989 med det føremål å fremja samarbeid og utvikling i bygda.Laget skal arbeida for eit allsidig næringsliv og eit godt og aktivt bumiljø.UU skal søkja samarbeid med kommunale organ og andre lag i bygda. Det er høve for firma, lag/organisasjonar og einskildpersonar til å teikna partar.

Uskedal Utvikling er organisert med styre og fire arbeidsgrupper:

  • Nettsida uskedalen.no
  • Gamleskulen / Kafe Tiaren
  • Turvegar og blomar
  • Ulike prosjekt
Styret Uskedal Utvikling 2024

Leiar: Gunn Mari Moberg (1 år)
Nestleiar: Remi Andre Onarheim (2 år)
Skrivar:
Styremedlem: Steinar Kroka (1 år)
Styremedlem: Jannicke Myklebust (2 år)
Styremedlem: Eva Reime Ljosnes (1 år)

1. varamedlem: Berit H. Døssland (1 år)
2. varamedlem: Oddbjørn Kroka (1 år)
3. varamedlem: Egil Myhre (1 år)

Rekneskapsførar:
Revisor: Hans Reidar Kjærland og Klara Bakke

Valkomite:

Oddbjørn Kroka
Egil Myhre

Oppgåver:

Dagleg driftsansvar
Økonomistyring
Høyringspart i plansaker
K. planarbeid/ stadanalyse
Medlemsskap
Vertsrollen – nye tiltak, verksemder, tilflyttarar

Fast møtedag er fyrste onsdagen i månaden kl. 19.00, om ikkje anna er sagt.
Styret har som oftast møte ein time før.
Saker kan meldast inn til styret eller til arbeidsgruppene.
Møta er opne for medlemene og elles alle interesserte.
Nokre av møta vert lagt opp som bygdamøte med innleiing og drøfting av aktuelle tema.
Uskedalen utvikling er høyringspart i alle viktige saker som fremjar utvikling og utbygging i bygda.

Årspengane er kr. 200,- uansett om det er lag, verksemder eller einskildpersonar.
Betal med VPPS til 512870

Uskedal Utvikling er registrert i Brønnøysundregisteret som ei forening, med høve til å søkja tilskot frå ulike fond, kommunale og fylkeskommunale organ.

Nedlasting:

Vedtekter sist endra Årsmøte 06.02.2013
Møtereferat 2013 ->

Rev-A-24/hoø