Musikklaget har spela på julefesten i Vonheim på Haugland kvart år sidan 1986.

Kontaktperson: Knut Stensletten (995 51 950)

Aktivitet:

Musikklaget består av ei stødig gruppe på 11 medlemmer. Vi øver ein gang i veka, og opptrer i ulike samanhengar i bygda og i nabobygdene. Korpset har siste åra hatt rundt 15 opptredenar i året.

Repertoaret består av publikumsvennleg musikk som hymner/frelsesarmètonar og lett underhaldningsmusikk som marsjar, tyrolermusikk, gammaldans og annan populærmusikk. Ein del av nummera på repertoaret er arrangert spesielt for bandet, nokre med songsolistar. Både repertoar og aktivitetsnivå passar særdeles godt for dei som vil ta opp att hobbyen etter nokre års pause.

Musikklaget vart skipa 1.mars 1936, og tysdag 1.mars 2016 var det 80-årsmarkering i ungdomshuset Helgheim.

Faste øvingar:

På Stemneplassen kvar tirsdag kl.17 – kl.18.30. Frivilleg øving for dei som ønskjer det på torsdagar kl.17.

Julegrantenninga:

Musikklaget har hatt ansvar den velkjende julegrana i Uskedalen som har vore tend kvart år sidan 1963. Musikklaget spelar sjølvsagt under tenningsarrangementet.

Nye medlemmer:

Musikklaget er svært glad for nye medlemmer. Det er berre å ta kontakt med Knut Stensletten, eller andre i korpset. Ein kan også møta opp på Stemneplassen på tirsdagskvelden. Korpset har instrument til utlån.

Musikklaget spelar og syng under julekonserten i Uskedal kyrkje 2017
(Foto: Hans Ordin Østebø)

Rev. 2019/TID