Nyhende
Category: Rabben Feriesenter AS
Rabben Feriesenter ligg i Uskedalen, midt i Kvinnherad kommune, mellom Rosendal og Husnes. Her har det vore drive campingplass sidan 1970, og me vil framleis by ferierande, reisande og pendlarar høvelege og billege opphald. Med campingplassen som base er det kort veg til sjø, elv, skog og fjell. Fjelltoppar på 1200 meter ligg nokre timars gange unna. Uskedalselva renn ut i fjorden ved sandbanken og campingplassen sin eigen badestrand. Elva har vore ei god aureelv, men no er det og mykje laks i elva.