Rabben Feriesenter får løyve til å fjerna nokre store tre på elvekanten. Det er Eide Trefelling og Service som gjer jobben. Om lag 30 tre står langs Uskedalselva og vegen som vert nytta til transport til og frå hyttene på campingen. Statsforvaltaren har ikkje merknader og NVE har etter synfaring tilrådd felling av tre som utgjer ein fare for erosjonssikringa om dei rotvelta.

Bilete syner deler av område det er gjeve løyve til trefelling.

Det er ikkje utan vidare lov å fella tre langs elvebredda. Det skal føreliggja løyve frå Statsforvaltaren. Løyve i dette høve er gjeve med atterhald om at nokre tre skal stå att. Det gjeld særleg vegetasjon som ikkje er til fare for erosjonssikringa. Elvekanten skal ryddast etter fellinga.

Skogsrydding på elvekanten vil pynta opp område. For nokre år sidan vart det rydda og utført vegetasjonspleie på den andre sida av elva på nedre Fet.

Hogsten vert gjort i vinter.

Tekst/nett/foto: kristian Bringedal
Drone: Hans Ordin Østebø