Det har dei siste åra vore arbeidd med to større og meir omfattande reguleringsplanar i Uskedalen. Det er Detaljregulering for Børnes næringsområde og Detaljregulering for Aktivitetshus og Park. Ny plan er reguleringsplan for campingområde på Rabben som omfattar deler av 131/4 og 123/13. Målet med planen for Rabben Feriesenter er å vidareutvikla og og forbetra friområde, også med tanke på ålmenta sin tilgang og bruk. Planområde omfattar også deler av det som i dag er Øyro Marina og Camping.

Eit fyrste planutkastet for Rabben vart sendt ut for eit år sidan. Etter merknader og møte med partane er nytt planframlegg klar for utsending. Med vedtak i Plan-, teknikk- og miljøutvalet går planen ut på høyring og offentleg ettersyn.

Ny høyringsfrist for Børnesplanen var 3. januar. Det er kome inn mange merknader til planen. Planen er truelg snart klar for ny behandling. Merknadsfristen til Reguleringsplan Aktivitetshus og Park er ikkje ute enno. Det ligg mange dokument på saka.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Skisse frå saksutgreiinga
Kjelde: Morten Nygård - Grenda