I mai månad vart det montert solceller på to tak på Rabben Feriesenter. Monteringa er gjort på servicebygget og resepsjonsbygget, tilsaman 47 solceller. Dagleg leiar, Magne Heggøy, fortel at dei to taka vender mot sydvest. Maksimal produksjon er 19kw. I juni med mykje sol vart det produsert 3000kwt. Den totale kostnaden er kr. 350.000,-. Enova løyver eit tilskot som dekkar 42% av kostnaden. Produksjonen går til eige forbruk. Overskytande straum vert selt til spot. Rabben Feriesenter er ein av fleire plassar i Uskedaken der det den siste tida er montert solcelletak. Det gjeld både på løer og på einebustader.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal