Stadige oppgraderingar av tilbodet.

Det er ein svært så fornøgd Magne L. Heggøy, eigar av Rabben Feriesenter, vi snakka med 2.påskedag då feriesenteret var i ferd med å tøma seg for påskegjester.
– Det har vore ein heilt super påske med mykje og fornøgde gjester i det strålande påskeveret, fortel han der vi står på den flotte plassen omkransa av aldeles nydeleg natur.

Denne store og flotte hytta er ny blant utleigehyttene til Rabben Feriesenter AS.

Heggøy fortel om mykje gjester både i hytter, bubilar og blant dei som leiger faste plasser.
– Det har vore fullt opp med bubilar så langt som vi har elektrisk kapasitet til, seier han og legg til at dei no har 17 utleigehytter, medan det er 30 som leiger faste plasser. Alt ligg idyllisk til ved stranda mellom Uskedalselva og kyrkja, og omkransa av dei majestetiske fjella.
Det skjer stadig oppgraderingar av feriesenteret, og til denne sesongen har dei mellom anna kjøpt ei stor, flott hytte til utleige. Den ligg heilt nydeleg til nede ved stranda. I tillegg viser han at han nettopp har laga nytt, flott bad i ei av dei andre hyttene med dusjvegger og fliser på vegger og golv.

Magne Heggøy gjer stadig oppgraderingar på hyttene som dette badet som nyleg var ferdig.

To nye el-bil-ladarar er også komne på plass, og i tillegg har dei gjort oppgradering av vassleidningsnettet til nokre hytter. Når vi går der, kan vi heller ikkje unngå å legga merke til kor fint det er blitt langs elva etter uttynninga der. No blir det fint å sitja på elvekanten og nyta stillheten medan elvevatnet flyt roleg forbi.

Påska har gjeve ein svært god start på sesongen for Rabben Feriesenter, og forhåpentlegvis vil den gode starten forplanta seg utover i sesongen.

Båtsesongen ser derimot ikkje ut til å vera kommen i gong enno skal vi dømma etter antal gjestebåtar i Uskedal båthamn. Det blir rapportert om få gjester i påska, og her får vi håpa at besøket tar seg opp mot gamle høgder utover i sesongen.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.