TVERRFJELL
Praktisk info
Start- og sluttpunkt: Ved starten av skogsvegen opp lia på Øvre Haugland.
Parkering: Frå rv. 48 tek ein av på vegen skilta mot Musland. Etter ca 4 km er det parkeringsplass ved grind til skogsvegen.
Merking: Informasjonstavle ved parkeringsplassen. Nødvendig skilting langs skogsvegen. T-merka frå der stien tek av frå enden av skogsvegen.
Gradering: Raud. Middels krevjande, 3 støvler etter DNT systemet.
Høgdeforskjell: 80 – 932 moh.
Tidsbruk: 5 timar t/r.
Gode råd
Frå Tverrfjell kan ein ein følgja T-merka ruter til Gråfjell og ned i Myklebustdalen, eller til Nonshaug og ned i Omvikdalen. Bruk fantasien for å leggja opp interessante turar.
Omtale
Gjennom grinda følgjer ein skogsvegen ca 1 km opp til vegkryss med skilt til venstre for Mannsvatnet og Tverrfjell. Følg skogsvegen til endes til skilt for stien opp gjennom bjørkeskogen. Over tregrense følgjer ein merkinga over Hauglandsfjellet til Tverrfjell.