Det har vore godt fiske i Uskedalselva siste veka. Denne veka er det landa til saman 52 fiskar, og det er litt over halvparten av dei 97 som er fiska til no i sesongen som starta 1. juli. Det har vore godt fiske i heile elva, men no i det siste har det vorte teke fleire store fiskar i Hauglands-valdet.

Even Skjoldal er stamgjest både på Rabben Feriesenter og i Uskedalselva. Han har fått fleire flotte fiskar, og her viser han ein villaks på vel 5 kg.

Alle dei tre største fiskane er fiska på Haugland av Joakim Hestnes (7,5 kg, på spinnar), Trond Mathisen (6,5 kg, på mark)) og Svein Ottar Rørheim (6 kg, på mark). Deretter kjem Even Skjoldal med to fine laksar på 5,6 kg (på mark) og 5,5 kg (på spinnar) tekne i Dønhaug-valdet. Til no er det fiska 97 fiskar på til saman 214,5 kg. Det gjev ei gjennomsnittvekt på 2,2 kg.
Ikkje uventa er dei fleste fiskane tekne på mark (36), nest flest er på fluge (27) og resten fordeler seg på spinnar (16), wobbler (10) og sluk (8).
Registreringane på laksebørsen fortel oss at mange kjem reisande hit for å fiska i elva. Ein god del av dei kjem igjen år etter år.
Meir info om fisket i Uskedalselva finn de ved å klikka HER.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Sigmund Skjoldal og Thor Inge Døssland