Også denne veka har det vore god aktivitet i Uskedalselva, sjølv om det er ein liten nedgang i talet på registrerte fiskar frå førre veke. Det er registrert til saman 39 fiskar der den største vart teken på Haugland. Den var 6,3 kg, og det var Jørn Helland som fekk den på mark. Det blei teke ein del fiskar over 4 kilo. Nest størst var ein laks på 6 kg som Arnet Erik Skjøtskift fekk på mark på Øvre Musland. Deretter fulgte laksar tekne av Steffen Günther på Myklebust på wobbler (5,5 kg), av Mikal Dahl på fluge på Myklebust (5,5 kg) og av Endre Wang på Wobbler i Dønhaug-valdet (5,2 kg). Deretter følgjer ein del til over 4 kg.

Til no i sesongen er det registrert 137 fiskar på til saman 307,6 kg på laksebørsen.
Fisket i Uskedalselva varer fram til månadsskiftet august/september.

Tekst, arkivfoto og nett: Thor Inge Døssland