KALKESTASJONEN
PRAKTISK INFO
Start og sluttpunkt: Øvre Haugland, ved bru over Uskedalselva.
Parkering: Frå FV500 tek ein av på veg skilta mot Musland. Etter ca. 4 km er det parkeringsplass ved bru over Uskedalselva mot høgre til skogsveg.
Merking: Skilt og informasjonstavle ved parkeringsplassen. Enkelte T-ar langs skogsvegen.
Gradering: Grøn. Eigna for barnevogn, sykkel og motorisert rullestol.
Høgdeskilnad: 80 – 100 moh.
Tidsbruk: 1 timar t/r.
Gode råd
Dersom ein ynskjer å kombinera turen til kalkestasjonen med ein terrengtur, kan ein fylgja stien til Ulvanoso 100 meter til møte med stien som kjem frå Døssland. Over brua og lett tur ut dalen til bilvegen 100 meter ovanfor idrettsplassen.
Omtale
Ein går over brua og føl skogsbilvegen til venstre. Etter vel 1 km kjem ein fram til Uskedalen elveeigarlag sin kalkestasjon. Dette er endepunktet på turen. Ved kalkestasjonen er det sett opp bord der ein kan nyta nista.