ULVANOSO Geitadalstid og Høgetind
Praktisk info
Start- og sluttpunkt: Øvre Haugland, ved bru over Uskedalselva.
Parkering: Frå rv. 48 tek ein av på veg skilta mot Musland. Etter ca 4 km er det parkeringsplass ved bru over Uskedalselva mot høgre til skogsveg.
Merking: Skilt og informasjonstavle ved parkeringsplassen. Enkelte T-ar langs skogsvegen. Stien er T-merka frå kalkstasjonen.
Gradering: Svart. Krevjande, fire støvlar etter DNT-systemet.
Høgdeskilnad: 80 – 1248 moh.
Tidsbruk: 8 timar t/r.
Gode råd
Seint på sommaren når snøen er smelta, kan det vera lite vatn å finna over 500 moh.
I den tida det ligg snøfonner på Høgetind skal ein vera svært varsam med å bevega seg ut mot kanten, snøfonnene er ofte overhengande og kan rasa ut. Frå Høgetind kan ein følgja den merka ruta ned til Tveitedalen, Utåker. Sjå eigen turbeskrivelse.
Omtale
Ein går over brua og føl skogsvegen til venstre. Etter vel ein km kjem ein fram til Uskedalen elveeigarlag sin kalkestasjon. Herfrå går det sti oppover Galtaryggen. Dette var tidlegare krøtervei for å driva husdyr til sætra oppe på Låganosa 540 moh. Fleire stader kan ein sjå restane etter steintrapper. Oppe på Låganosa flatar terrenget ut, og ved sida av bekken her er fine teltplasser.
Eit stykke ovanfor Låganosa kjem ein til eit vegskilje der ein anten kan ta turen over Geitadalstind, eller gå direkte til Høgetind på stien under Geitadalstind.
Geitadalstind er ein alpin fjelltopp som må frårådast for dei som ikkje likar høgder. Siste del av oppstiginga er bratt og luftig. Her går det ei alternativ rute til høgre som er meir skjerma, gjerne kalla Mini-Besseggen. Frå toppen er det storslagen utsikt i alle retningar. Ein kan nyta landskapet frå isbre til ope hav. Nordover kan ein sjå Bergensfjella, som t.d. Ulriken. Vågar ein seg ut på kanten kan synet nesten ta pusten frå ein. Her er det stupbratt utsikt ned til Musland meir en 1000 høgdemeter lenger nede. Dei bratte fjellsidene her er attraktive klatreområde.
For å koma frå Geitadalstind til Høgetind, føl ein T-merka rute ca 100 høgdemeter ned i skaret mellom toppane. Ein brukar ca 1 time frå topp til topp. Høgetind 1248 moh. er det høgste fjellet i distriktet som ligg så langt ut mot havet, og har likeins som Geitadalstind ein storslagen utsikt. Returen til Uskedalen går på T-merka sti under Geitadalstind.