Endeleg er det vår i lufta og våren ligg også på lur under snøen. Her er eit døme på det - fotografert påNeset i morgontimane i dag! (Foto: Ola Matti Mathisen)
Siste Nyhende
Har levert elitemjølk
Under møtet i Folgefonna Produsentlag her i bygda i denne veka var 5 kvinnheringer som har levert elitemjølk til stades og 3 av dei er frå Uskedalen.
Hagetunet, som Uskedalen Eigedom byggjer sentralt i Uskedalen, er snart klårt for eit nytt byggjesteg.Det er byggjing av dei tre tomannsbustadane i området opp mot Geilo.
Første byggjesteg, byggjing av fire bustader oppå den gamle muren, har allereie kome langt.
Kvinnherad er oppfordra frå Merke- og utviklingsprosjektet Hordahjort om å delta i ei innmarksteljing av hjort og vilforvaltar Leiv Trygve Varanes ber valda i Uskedalen om å få til eit samarbeid om ei felles teljerute og organisert teljing på seks datoar utover våren.
Kommunen har sagt ja til nok eit tretelt på Rabben Feriesenter.Det er Øyvind Olsen som bur på Stord som har søkt om det og også dette blir 15 kvadratmeter.
I sitt møte i føremiddag gjekk forvaltningskomiteen samrøystes inn for at kommunestyret skal godkjenna forslaget til reguleringsplan for Nedre Halsabråtet slik han no ligg føre. Grunnlaget for kommunal eigengodkjenning er til stades, slår rådmannen fast.
Forvaltningskomiteen har oppheva byggjeforbodet i området slik at det no kan søkjast om tiltak. Men saksbehandlar Jon Harald Kjærland i kommunen rår til at Rabben Feriesenter startar ny prosjektering av påbygg til sanitærbygget. Det er førebels ikkje sendt inn nok dokumentasjon til at kommunen kan ta stode til tiltaket.
Kommunen har no gjeve Kjell Magne Haugland rammeløyve til å riva det gamle våningshuset på familiegarden Klammeren og byggja ny einebustad på 136 kvadratmeter.
Denne teljaren viser maskiner som er innom pr dag ( og kvar maskin vert berre teld ein gong same kor mange gonger den besøkjer sida), og ikkje kor mange gonger sidene vert vist.