Kvinnheringen legg opp til konkurranse for å få fleire med på bosrydding i nærmiljøet ditt. For å delta må du plukka bos og så ta eit bilete av deg saman med bossekken. Avisa oppmodar alle til å skriva nokre ord om kor du har rydda, om du var åleine eller saman med andre. Skriv gjerne litt om det raraste du fann i naturen. Send bilete til redaksjon@kvinnheringen.no innan onsdag 15. mai. Merk e-posten med “Bosdugnad”. Alle, som sender bilete og litt informasjon. er med i trekninga. BIlete vil avisa bruka i eit biletserie frå ryddeaksjonen. Uskedal utvikling vil at Uskedalen også er med på denne dugnaden. Bilete er frå Uskedalen skule si rydding i fjor.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto