Løesaka i Uskedalen var ekstrasak i Kommunestyret i dag. I tillegg var det sett fram spørsmål frå to representantar Kommunestyret valde å lukka saka. Dermed var ikkje informasjon og drøfting ope for offentlegheten. Pressa, tilhøyrarar og part i saka vart sende på dør. Å lukka ei sak krev tilvisning til lovvedtak noko som vart lese opp av assisterande kommunedirektør før vedtak vart gjort. Å lukka saka på denne måten medførte at vi heller ikkje fekk vita kva ordføraren svara dei to spørsmålsstillarane.

kb