Då er vi komne til siste del av påskekonkurransen vår for i år. Denne gongen har eg tenkt på 13 ulike fornamn, og så får de ulike ledetrådar som de skal bruka for å prøva å finna fram til rett namn.
Vi håpar at det gir både god hjernetrim og den rette påskestemninga. No kan de kosa dåke med dette, og eventuelt gjera ferdig del 1 og 2 dei næraste dagane. Hugs å levera svara innan fristen 19.april kl.18.
Vi ønskjer dåke alle ei riktig fin og god påskehelg!!
Og hugs at det viktigaste er ikkje å få alt rett, men å delta og sende inn svara!

Finn fornamn:
Døme: Gud slå = Torvald, Rund og kort = Olav, Er ikkje mitt = Edith.

  1. Positiv å drikka av
  2. Elska å gå på
  3. Ro og velståande
  4. «Ikkje tvil!»
  5. Til håret svenskevondt
  6. Mmmmmmm
  7. Er kompis
  8. Fugl, før t
  9. Maria utan fengsel
  10. Sist og urokkeleg
  11. Vatn rundt kuling
  12. 0,1 da brei
  13. Rett drikk

Viss du ikkje alt har gjort dei to første delene, finn du del 1 HER og del 2 HER.

Svara må vera levert innan 19.april kl.18. Dei kan levaerast på følgjande måtar:

  • Skriv alle svara på eit ark og lever dei inn til SPAR Uskedalen. Hugs namn!
  • Send svara frå alle tre dagane på epost til: uskedalen.no@gmail.com
  • Send svara samla som melding på messenger til underteikna(Thor Inge Døssland).

Spar Uskedalen stiller med desse gode premiane:

  • Eit stort påskeegg blir trekt ut blant alle deltakarane som har meir enn 75% rette svar.
  • Eit påskeegg går til den som har fleste rette svar. Viss fleire står likt, blir det loddtrekning.
  • Trøystepremiar er det også: Flaxlodd

Lukke til, og takk for den flotte innsatsen!!

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Kristian O. Bringedal