Eg har inntrykk av at ein god del av dåke har kosa dåke godt med del 1 av konkurransen vår. Tusen takk for dei kjekke meldingane. Andre har det til gode, og kan ha det kjekt med oppgåvene seinare i påskeveka. Innleveringsfristen er ikkje før 19.april kl.18.
Det viktigaste her er å delta, og å ha det kjekt. Oppgåvene kan løysast både åleine og saman med andre. Det er ikkje grenser for kor kjekke interne konkurransar ein kan laga!!
Og så er det viktig å senda inn sjølv om det er oppgåver ein ikkje finn løysinga på. Premiesjansane er likevel store!

Del 1 finn de HER.

I dag presenterer vi ei linje frå 13 kjende barne- og familiesangar, og så gjeld det å finna fram til tittelen eller første linja. Her anbefaler vi alle, store og små, å syngja av full hals. Då er eg sikker på at det blir god stemning, og at svara kjem tralllllllande til dåke.
Lukke til med songfull og glad oppgåveløysing!!

Sangar for barn og vaksne:

  1. «Bjørnen med sin lodne fell
  2. «Og da de så var kommet ned
    kvirrevirrevitt bom bom»
  3. «Syntes at veien var så interessant,»
  4. «Ikke mer slit i dag
    Ikke mer sele-gnag»
  5. «men ei skilles fra vennen min
    uten å felle tårer!»
  6. «Han fikk snue etter han kom hjem»
  7. «Og mannen han tenkte med sjølve seg,
    heifara, ….»
  8. «Over eit fjell, gjennom ein tunell, over ei bru…»
  9. «Så kom solen og skinte på min hatt.»
  10. «Det er fordi jeg elsker alt det grønne,»
  11. «Så kom en konstabel, spurte kva det var,»
  12. «En til far og en til mor.»
  13. «….han tok seg ein stein uti neven,
    dugleg han då til reven slo.»

Svara må vera levert innan 19.april kl.18. Dei kan levaerast på følgjande måtar:

  • Skriv alle svara på eit ark og lever dei inn til SPAR Uskedalen. Hugs namn!
  • Send svara frå alle tre dagane på epost til: uskedalen.no@gmail.com
  • Send svara samla som melding på messenger til underteikna(Thor Inge Døssland).

Spar Uskedalen stiller med desse gode premiane:

  • Eit stort påskeegg blir trekt ut blant alle deltakarane som har meir enn 75% rette svar.
  • Eit påskeegg går til den som har fleste rette svar. Viss fleire står likt, blir det loddtrekning.
  • Trøystepremiar er det også: Flaxlodd

Syng, syng, syng og ver glad,
oppgåver er no så bra.
Svara dei kjem no på løpande band,
Utruleg kor mykje vi kan!!!

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Kristian Bringedal