Då er vi klar med første del av påskekonkurransen som er eit samarbeid mellom Spar Uskedalen og uskedalen.no. Spar Uskedalen stiller med fine og velsmakande premiar. I denne konkurransen er det aller viktigast å kosa seg med oppgåvene, gjerne fleire i saman, og delta.
Svara for dei tre delene skal leverast samla innan 19.april kl.18.
I tillegg til oppgåvene i dag kjem det nye oppgåver onsdag og påskeaftan.

I den første delen skal de finna fram til land og kjende byar som har skjult seg i setningane nedanfor. Byane kan vera både norske og utanlandske.

Vi ønsker lukke til, og så kan de gå i gang å finna eit land eller ein by i kvar av setningane.

Skjulte land og kjende byar.

Døme: Han spør om alle vil ha påskegodt. Svar: Roma.

  1. «Du får huska og vatna orkidèen ein gong i veka», sa Gro til den mannlege og litt hjelpelause kunden.
  2. «Jøsses mann, eg har aldri fått så svære torskar og steinbitar i garnet før», skrytte Bjarten etter den vellukka fisketuren til Skorpegavelen.
  3. «Då eg blei gammal, møtte eg ungdomskjærasten igjen, og då sa det berre pling i boksen», fortalde den fornøgde bestemora.
  4. «Dette var så godt at eg kan eta pølse og potetmos kvar dag», sa ungkaren då han klappa seg på magen etter middagen. 
  5. «Vi såg svaner i tre andre vatn enn Opsangervatnet då vi gjekk den lange turen på Postvegen for to år sidan.»
  6. «Eg blei berre invitert på to slottsmiddagar i mi lange karriere», skreiv den kjende politikaren i memoarane sine.
  7. «Jammen hadde det blitt mange flotte teateropplevelsar om alle skodespelarar hadde vore like dyktige som Heide Steen, Juster og Bjørgulv Eik.
  8. «Det er viktig for Harald Nilsen Tangen å ha markert seg godt på Viking-midtbanen med tanke på proffkarriere i utlandet.»
  9. Han var så ille plaga med luft i endetarmen i alle stressa situasjonar at han ikkje visste kva han skulle gjera.
  10.  «Frå mandag til fredag opnar vi klokka 6 grytidleg om morgonen», fortalde Kjersti og Gunn Mari då dei presenterte butikken.
  11. «Når eg klipper ungdommar, brukar eg ei spesialsaks som flyt så lett gjennom håret at der er ein draum», forklarte Ann Kristin då ho fekk skryt for alle dei spreke frisyrane.
  12. Dei spreke påsketuristane trong verkeleg ein skikkeleg god vask i enden av den åtte dagar lange turen dei hadde lagt bak seg over fjellet!
  13. Ut på natta høyrde vi alle rundt bålet sang «Ola Tveiten» og «Kom mai du skjønne milde» av full hals.
  14. «Kaja, pannekaker med blåbærsyltetøy trur eg er det aller beste du veit», sa Vegard til søstera ved middagsbordet på ein heilt vanleg måndag.

Spar Uskedalen stiller med desse premiane:

  • Eit stort påskeegg blir trekt ut blant alle deltakarane som har meir enn 75% rette svar.
  • Eit påskeegg går til den som har fleste rette svar. Viss fleire står likt, blir det loddtrekning.
  • Trøystepremiar er det også: Flaxlodd

Svara må vera levert innan 19.april kl.18. Dei kan levaerast på følgjande måtar:

  • Skriv alle svara på eit ark og lever dei inn til SPAR Uskedalen. Hugs namn!
  • Send svara frå alle tre dagane på epost til: uskedalen.no@gmail.com
  • Send svara samla som melding på messenger til underteikna(Thor Inge Døssland).

Då håpar vi at mange vil kosa seg med konkurransen vår, også denne gongen. Vi ønskjer alle ei riktig god påske!

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Kristian O. Bringedal