Spar Uskedalen/ Uskedalsida sin påskekonkurranse, del 3.
Då er vi komne til siste del av påskekonkurransen vår for i år. Denne gongen har eg tenkt på 13 ulike fornamn, og så får de ulike ledetrådar som de skal bruka for å prøva å finna fram til rett namn.
Vi håpar at det gir både god hjernetrim og den rette påskestemninga. No kan de kosa dåke med dette, og eventuelt gjera ferdig del 1 og 2 dei næraste dagane. Hugs å levera svara innan fristen 19.april kl.18.
Vi ønskjer dåke alle ei riktig fin og god påskehelg!!
Og hugs at det viktigaste er ikkje å få alt rett, men å delta og sende inn svara!
Finn fornamn:
Døme: Gud slå = Torvald, Rund og kort = Olav, Er ikkje mitt = Edith.
- Positiv å drikka av
- Elska å gå på
- Ro og velståande
- «Ikkje tvil!»
- Til håret svenskevondt
- Mmmmmmm
- Er kompis
- Fugl, før t
- Maria utan fengsel
- Sist og urokkeleg
- Vatn rundt kuling
- 0,1 da brei
- Rett drikk
Viss du ikkje alt har gjort dei to første delene, finn du del 1 HER og del 2 HER.
Svara må vera levert innan 19.april kl.18. Dei kan levaerast på følgjande måtar:
- Skriv alle svara på eit ark og lever dei inn til SPAR Uskedalen. Hugs namn!
- Send svara frå alle tre dagane på epost til: uskedalen.no@gmail.com
- Send svara samla som melding på messenger til underteikna(Thor Inge Døssland).
Spar Uskedalen stiller med desse gode premiane:
- Eit stort påskeegg blir trekt ut blant alle deltakarane som har meir enn 75% rette svar.
- Eit påskeegg går til den som har fleste rette svar. Viss fleire står likt, blir det loddtrekning.
- Trøystepremiar er det også: Flaxlodd
Lukke til, og takk for den flotte innsatsen!!
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Kristian O. Bringedal