Demonstrasjonen mot dei svært høge straumprisane som Astrid Døssland stod bak saman med fire andre i Bergen sist torsdag, blei særdeles vellukka. Oppmøtet på Torgallmenningen var svært stort, det var særs gode appellar og god mediadekning både gjennom aviser, TV og radio. Fleire media sende direkte både frå folketoget og appellane. På bildet over ser vi aksjonskomiteen med Astrid til venstre.

Faksimile frå Bergens Tidende si dekning. Her er Astrid Døssland i full gang med rigging til demonstrasjonen i kald nordavind.

Astrid Døssland er sjølvsagt veldig godt fornøgd etter arrangementet. Arrangementskomiteen hadde gjort eit stort og godt førebuingsarbeid både med planlegging av teknisk og praktisk gjennomføring, nødvendige søknader og rekruttering av både politikarar, folk frå nærings- og kulturlivet og andre til å halda appellar. Annonsering og publisering ut til folket var også god.

Astrid fortel at det merkast godt då den store folkemassen gjekk i tog på Torgallmenningen, og etterpå samlast til apellar. Talet på deltakarar blei stipulert til 800 – 900. Eit slikt oppmøte var særs gledeleg denne litt sure vinterkvelden. Ho seier at det var mange svært gode appellar, og mange av deltakarane hadde førebudd seg godt med å laga plakatar som gav tydeleg uttrykk for stort engasjement i saka.
– Det er tydeleg at folk er skikkeleg opprørte, seier Astrid Døssland.

Fleire media m.a. Nettavisen som streama heile arrangementet, gav uttrykk for at dei var svært fornøgde med arrangementet i Bergen. Også BT filma direkte frå arrangementet som fleire uskedelingar og kvinnheringar deltok på.

Då eg spurde om det er planlagt noko oppfølging av denne demonstrasjonane, svara ho:
– Det er varsla nye demonstrasjonar 15.2, frå Industriaksjonen og Strømalliansen. Om “Vi som krev billige strøm” skal, er eg pr. no ikkje kjent med. Vi får venta og sjå.

Ein vellukka aksjon var det, og at folk er opprørte og urolege over straumprisnivået og dei vanskar det skaper, er det ikkje tvil om!

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Aksjonskomiteen og skjermdump frå Bergens Tidende