Saman med fire andre arrangerer uskedelingen Astrid Døssland ein stor demonstrasjon mot dei høge straumprisane i Bergen førstkommande torsdag frå kl.15. Det skjer på Torgallmenningen med frammøte ved Sjøfartsmonumentet. Det blir folketog rundt på Torgallmenningen før dei samlar seg ved monumentet igjen for apellar frå kl.16 og utover. Løyvet frå Bergen kommune var i orden 10.januar, og til no har allereie 1200 meldt seg interessert og i overkant av 500 har meldt at dei skal på hendinga på facebook. Vi kjenner også til at fleire kvinnheringar kjem til å ta turen for å vera med.

Astrid Døssland(t.h.) har tidlegare markert seg som ein kraftig motstandar av vindkraft. Her ser vi henne saman med Kristine Frøystein Reime og Annemor Ekeland under det vellukka arrangementet dei hadde i båthamna i Uskedalen i haust.(Foto TID).

Astrid Døssland fortel til uskedalen.no at dei har invitert både stortingsrepresentantar, andre politikarar og næringslivsleiarar. Dei håpar også at representantar frå det frivillige lagslivet blir med, for straumprisane lammar jo drifta av ulike lagshus. Ho fortel at dei alt har fått positiv tilbakemelding frå 3-4 stortingsrepresentantar, og fleire av dei vil halda apell. Både Helge Andrè Njåstad(Frp) og Sofie Marhaug(Rødt) er blant desse, og lista over dei som skal halda apellar er under stadig utviding. Vidare fortel Astrid at både aviser og TV er invitert så dei håpar på god dekning av arrangementet.

Ho kjem med tre oppfordringar til dei som skal delta:

  • Ta på gule vestar og gjerne hovudlykt (vi sløyfer faklar denne gongen).
  • Lag plakatar, ver kreative.
  • Har du ein god mobiltelefon med kapasitet, så film mest mogeleg. Det kan vi få sendt inn til gruppa ” Vi som krever billigere strøm”.

Astrid fortel at sjølv om dei er fem vanlege folk som står bak denne demonstrasjone, har dei god hjelp og støtte frå dei som står bak facebookgruppa “Vi som krever billigere strøm”. Denne gruppa har på kort tid samla nær 600.000 medlemmer. Astrid oppfordrar alle som ikkje er medlem i den, om å melda seg inn. Ho seier og at det er veldig kjekt om det kjem mange kvinnheringar til demonstrasjonen på torsdag.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto