Det er svært hyggelege rekneskapstal den gode matvarebutikken vår på Sanden, Spar Uskedalen AS, kan visa til for året 2020. Auken i omsetnad var på heile 13,3% då den gjekk opp frå 44 689 000 til 50 647 000 kr frå 2019 til 2020. Dette er den høgaste omsetnad butikken har hatt nokon sinne. Driftsresultatet gjorde også eit kraftig hopp frå ca. 2,9 mill. til 4,1 mill. Det er søstrene Gunn Mari Moberg og Kjersti Nilsen Børve som no eig kvar sin halvpart av Spar Uskedalen AS gjennom Sandajentene Holding AS.
Brødrene Musland Maskin AS var ein like klar nr.2 av Uskedalsfirma på lista med ein omsetning på 34 333 000 kr i 2020.

Uskedalen.no tok ein liten prat med dei to søstrene, Gunn Mari og Kjersti, om det gode resultatet. Sjølvsagt var dei fornøgde.
– Koronaen har nok hatt ein god del å seia for det gode resultatet. Då den kom, landet blei stengt ned og påsken kom var det jo mest dødt i heile dalen så då såg vi helst svart på det. Men så kom sommaren, og då sleppte dei opp slik at folk kunne reisa i Norge. Det gav ein skikkeleg opptur så sommaren blei veldig god. Resten av året fortsette det bra, oppsummerer dei to søstrene om fjoråret.

– Ja, føler de at den gode trenden held fram i 2021, spør vi for å trekkja linjene vidare.
– Ja, dei tre første månadene gjorde nok koronaen sitt til at til at dei blei mykje betre enn i fjor. Etter det jamna det seg litt ut, men likevel var sommaren i år betre enn i fjor. Det trur eg har å gjera med at veldig mange skulle besøka Hardanger i år, fortel Gunn Mari, og dei to kjem inn på korleis instagram og liknande påverkar reisevanane til feriefolket. Dei merka godt det gode besøket både på Rabben Feriesenter og av hyttefolket.

Rabben Feriesenter hadde svært mykje gjester, og underteikna kjennert til at dei måtte takka nei til ganske mange som ønskte å bu der.

Pinnekjøt frå Lundal er berre eit døme på all den gode julematen Kjersti N. Børve(f.v.), Inger Høyland Myklebust, Gunn Mari Moberg og resten av betjeninga kan tilby kundane.

Sjølv om koronaen truleg har hatt positiv innverknad på omsetningstala til butikken, har det sjølvsagt også hatt sine utfordringar.
– Dei tilsette har vore heilt fantastiske. Ja, dei har vore heilt uttrulege. Dei har stått på og tilpassa seg koronaen og det nødvendige smittevernet. Enten det har vore vasking, vasking og spriting, spriting eller maskebruk heile dagar, har dei gått til det med ei positiv innstilling, rosar dei to alle tilsette.
– Og tenk på det pressset med scenariet: “Tenk om eg får det!” Men alle har vore friske, legg den daglege leiaren, Gunn Mari, til og er tydeleg stolt over sine tilsette. Akkurat no er det 16 tilsette, ei fin blanding av erfarne, og kjekke ungdommar. Det er 12 damer og 4 gutar i staben.

Ei anna utfordring i forbindelse med koronaen har i nokre tilfelle vore leveransar. Som eit døme nemner dei plastikk der det vart ein månads tid med venting på grunn av transport frå Kina.
– Då kunne det bli lite utvalg i plastposar, supplerer Kjersti med eit smil, og det er tydeleg at duoen som har fått service og kundebehandling inn som ein naturleg del frå foreldra, ikkje likar å gå tom for enkelte varer.
– Vi skal stå på og gjera vårt beste for kundane saman med dei tilsette, men av og til er det ikkje alt vi rår med, avsluttar dei to Sandajentene, naturtalent for å driva handel.
No har dei ei travel tid framføre seg med salg av mykje god lokal julemat der mange kjem for å sikra seg m.a. Gunn Mari sitt fantastiske heimelaga sylteflesk. Det kan de lesa om HER.

Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland.