Medan andre butikkar lokkar med julamenn, julabrus og den slags fram mot jul, kan Spar Uskedalen i tillegg skilta med Gunn Mari sitt fantastiske sylteflesk. Av mange blir det også kalla “Verdens beste sylteflesk”! I dag er første ladning av årets produksjon til salgs i den gode daglegvarebutikken på Sanden. Etter å ha smaka på det, er det veldig lett å gi karakter for denne “mateksperten”. Det blir ein soleklar 10“ ar på terningen. Legg merke til helsinga på forkledet på bildet. Ja, med Gunn Mari sitt sylteflesk blir det garantert ei god helg!

Det gode sylteflesket har ei lang historie på matbutikken på Sanden. Gunn Mari Moberg fortel at så langt tilbake som ho hugsar laga far hennar dette populære pålegget til jul. Sjølv gjekk ho i “lære” hos han i 2 år før han fall ifrå. No har Gunn Mari hatt ansvaret for syltefleskproduksjonen i 24 år.

Frå no av kjem ho til å laga nytt sylteflesk kvar veke fram til jul.
– Siste vekene blir det kanskje 2 gonger i veka, seier ho og legg til at ho lagar 7 former som kvar er på vel 3 kg i kvar omgang.

Det er tydeleg at det er populært, og at mange “berre må ha det” til jul. Faste kundar frå andre stader bestiller, og tar seg ein tur til Uskedalen for å henta det i førjulstida. Mange frå andre Kvinnheradsbygder kjem att år etter år til butikken på Sanden for å sikra seg dette julepålegget. Då det blei gjort kjent at det var i salg på Spar Uskedalen si facebookside, viste kommentarane at folk gledde seg over det! Fleire gav uttrykk for at dette er det beste sylteflesket som finst. Kjekt var det også å registrera at ein kunde med brasiliansk opphav gav denne kommentaren: “Verdens beste sylteflesk👏👏👏👏👏

Gunn Mari kan også fortelja at dei har eit svært godt utval av kortreist julemat. Lutefisken til Hjønnevåg er veldig ettertrakta. I år har også smalahova, som dei får direkte frå Smalahovehuset på Løne, blitt ein slager. Frå Lundal har dei eit rikt utvalg av god julemat. Då eg snakka med dei, kunne Kjersti N. Børve fortelja at dei hadde fått inn heile pinnesider som dei skulle bruka søndagen til å skjera opp.
Ei vare som er veldig ettertrakta til jul, er eggesalaten som dei lagar på huset. Den går det mykje av!

Ja, det var berre litt som blei nemnt. Vi får tak i alt som vi treng av julemat, men viss vi vil laga sjølv har dei alt av vyrke som vi treng slik som grisehovud, spekk, lever mm.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto frå facebooksida til Spar Uskedalen