Trekkinga av vinnarane i Spar Uskedalen/ Uskedalsida sin julekonkurranse blei gjort i føremiddag. Vi tør å konkludera med at konkurransen blei ein suksess. Det kom inn heile 67 svar frå lag og einskildpersonar, og i tillegg veit vi at konkurransen har blitt brukt til intern bruk i mange heimar utan at svar har blitt sendt inn. Den har også resultert i samtalar på sosiale medium. Vi håpar og trur at mange har kosa seg med konkuransen i juletida. Sjølv om vi no trekker ut nokre premievinnarar, er alle som har løyst oppgåver og hatt glede av det vinnarar! På bildet over blir hovudpremien trekt ut av to av dei tilsette ved Spar Uskedalen, Kari Ljosnes(t.h.) og Vigdis Haugland.

Det var 5 innsendarar som fekk rett på alle dei 29 oppgåvene, men svært mange var berre 1 eller 2 eller 3 i frå. Les HER.

Her blir Lars Lidvar Øyjord m/fam trekt ut som premievinnar blant dei 5 som hadde alle 29 svara.
  • Hovudpremien som blei trekt ut blant alle innsendarar gjekk til Kurt Eivind Miljeteig som hadde 28 poeng.
  • Andrepremien som blei trekt ut blant dei 5 som hadde alle rette gjekk til Lars Lidvard Øyjord m/fam. I tillegg til Øyjord hadde Are Ulseth, Monica Dahl, Hanne Larsen og Laila Marie Wang Øyjord alt rett.
  • 3 trøystepremiar gjekk til Møyfrid Kristoffersen, fam. Tvilde/ Åkra og Liv og Audun Eik.

Vi gratulerer alle med premiane! Dei kan hentast hos Spar Uskedalen.

Alle som deltok fortener heider og ære. Vi tar med ei liste over dei som hadde meir enn 20 rette i tilfeldig rekkefølgje:

Brit Kristin Nordtømme, Ragnhild Kvandal Løland, Ellen Marie Myklebust, Monica Hansen, Egil Myhre, Kenneth Løland, Rolf Myklebust, Anita Miljeteig, Liv og Audun Eik, Helge Sunde, Katrine Røssland, Michael Røssland,Wenche Taranger m/fam., Team Kjærland (Hans Reidar og Anne Marit), Ellen Karin & Torill Ljosnes Moen, Laila Marie Wang Øyjord, Anita Skogseth, Møyfrid Kristoffersen, Gunnlaug Eik, fam. Reidun Alvsaker, Annlaug H. Rød, Gjengen på Døssland Øvre v/Edle Lomheim, Mona & Åsmund Vetrhus, Eva Karin Barane, Bjørg Inga Miljeteig, Kari Bråtun, Jorunn G. Myklebust, Kjersti Bråtun, Kurt Inge Miljeteig, Hilde Synnøve O. Røssland, Enny Helen Bendiksen, Stian Kleven Rød, fam. Neset v/Karoline, Hanne Larsen, Are Ulseth, Tone B. & Bjarte Eik, Lars L. Øyjord m/fam, Eirik Johan Eik Arnevik, Jofrid Eik, Kjellrun Eik, Ingrid Margrete Eik Arnevik, Harald Koløy, Bjørgulv Eik, Janne Fausk, Monica Dahl, Britt Iren Østebø, fam. Tvilde/ Åkra, Berit Lappegård/ Dag Hermansen, Randi Elisabeth B. R. og resten av julegjengen på Røssland, Øystein Enæs, Gerd Ingunn & Sveinung Bauge, Rita Larsen, Tove & Egil Høgemark, Magnhild Skogtun, Kurt Eivind Miljeteig, Silje Bråtun, Bruvikgjengen v/Birte, Team Jostein Røysland og fam. Bakke Berntsen.

Flott innsats, folkens! Det fristar til gentaking!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland