Det har vore utruleg kjekt med den enorme responsen på julekonkurransen som Spar Uskedalen og nettsida stelte i stand. Deltakinga har overgått våre aller mest optimistiske antakelsar på førehand. Det har tydeleg vore jobba knallgodt, og nivået har vore svært høgt. Derfor er det ei glede å meddela at alle har gjort så god innsats at dei er kvalifisert til å vera med i trekninga om hovudpremien. Fem har fått full pott, 29 rette svar, og blir med i trekninga om andrepremien. I tillegg blir det trekt ut trøstepremiar. Alle vinnarane blir publisert i morgon på Spar Uskedalen si facebookside og på uskedalen.no.

Med så høgt nivå har dommaren måtta leggja lista deretter. Det har vore ein del gode forslag i tillegg til den opphavelege fasitlista. Nokre har blitt godkjent, dei fleste ikkje. Men det har gått stille og fredeleg for seg på juryerommet. Alle dommaravgjersler er einstemmige, og eventuelle protestar vil bli møtt på same måte som av Norges beste fotballdommarar; – med eit smil. For dommaren har det vore ei stor glede at så mange ville vera med på leiken! Det fristar faktisk til gjentaking!!

Svar:
Land og kjende byar.

  1. Paris
  2. Sverige
  3. Brasil
  4. Kina eller Aten
  5. India
  6. Bern
  7. Malta eller Alta
  8. Berlin eller Eire
  9. Kamerun

Songar:

  1. Det lyser i stille grender
  2. Vi tenner våre lykter
  3. Deilig er jorden
  4. Jul i Svingen
  5. På låven sitter nissen
  6. Tenn lys
  7. Så går vi rundt om ein einebærbusk
  8. Eg er så glad kvar julekveld
  9. En stjerne skinner i natt
  10. I en natt

Fornamn:

  1. Alfred
  2. Lovise
  3. Astrid (Juryen godkjende naturleg nok Aslag og Guro)
  4. Rasmus
  5. Adam
  6. Målfri(d) (Juryen godkjende ikkje Remi då det ikkje oppfylte den supplerande ledetråden i parantesen)
  7. Emil
  8. Erland
  9. Steinar (Juryen godkjende Edle, men ikkje Edel så sistnemnde ikkje oppfylte fleirtalsforma i Juvelar. Av same grunn blei heller ikkje Stein godkjend sjølv om det var svært så nære! Etter at juryeformannen hadde gjort seg meir kjend innan fagfeltet “edle steinar”, blei både Noor og Agatha(e) godkjent.)
  10. Haldis.

Det var altså 5 som fekk full pott, – 29 poeng.
Heile 16 imponerte med 28 poeng
Heile 19 slo til med 27 rette.
Totalt 53 hadde 25 eller fleire rette.
Imponerande nivå!!

Tusen takk for kjempeflott innsats!

Premieringa kjem i morgon!

Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland