Vi har denne sommaren fått melding frå fleire om interesserte som spør etter ungdomslagshytta “Fjelly” som ligg idyllisk til ved Mannsvatnet. Spørsmåla går ofte om muligheter til å leiga og om kor ein finn informasjon om dette. Ein god plass å finna dette på er her på nettsida under fana Tilbod.

Grunnane til den aukande etterspørselen etter dette paradiset inst ved Mannsvatnet på Hauglandsfjellet kan vera fleire. Det kan vera fleire som ønskjer å leiga hytta som no er i svært god stand etter mykje godt dugnadsarbeid dei siste åra. Ein annan grunn kan vera at det har vore vanskelegare å finna fram til den aktuelle infoen etter omlegginga til ny nettside i vår. Derfor er det no gjort ei justering.

Tidlegare låg infoen under Uskedal ungdomslag som eig hytta. Dermed måtte ein gå inn på fana Tilbod, vidare til Lag og organisasjonar og så til Uskedal ungdomslag. Der ligg informasjonen framleis. I tillegg kan ein no finna den under Tilbod og Utleige. Hytta er godt utstyrt, og romsleg med mange sengeplasser. I Mannsvatnet er det mykje fjellaure.
Ansvarleg for utleige: Janne Yri, tlf. 93033973
Prisen for hytta er Kr. 400,- per døgn, og medrekna i prisen er då overnatting og bruk av ved, båt, garn og aggregat.
Det er fleire fine turvegar som fører til hytta, men viss ein har mykje baggasje, kan det vera greitt å kjøra skogsvegen på Haugland mot å betala ei lita avgift.

Informasjon om utleige av hytta “Fjelly” finn de ved å klikka HER.

De kan også finna artiklar om hytta ved å søkja på Fjelly i søknadsfeltet øvst på sida.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto