Foto: Hans Ordin Østebø

Hytta har 2 soverom med 3 køyplassar kvar, hems med madrasser og 2 innbygde køyplassar i stovedelen. I kjøkendelen har ein tilgang på naudsynt kjøkenutstyr. Hytta har ikkje innlagt straum. Mat tilberedes med gass. Det er 2 gassbluss på kjøkenet.

Vatn må hentast og bærast til hytta. Det er anbefalt å hente vatn frå elva mellom Vatnastølsvatn og Mannsvatnet.

Hytta er utstyrt med eit lite solselleanlegg som blir nytta til lys i hytta. Det er også laga til aggregat som kan kan nyttast til mellom anna å steike vafler.

Kjøkenet i fjellyhytta, til høgre ser ein den plassbygde køysenga. Foto: Hans Ordin Østebø
Etastova og sofakrok, det er komen ny sofa etter dette bilete vart tatt.
Foto: Hans Ordin Østebø

UTLEIGE
Ansvarleg for utleige: Janne Yri, tlf. 93033973
Prisar: Kr. 400,- per døgn. Medrekna i prisen: Overnatting, ved, båt, garn og aggregat.
Om ein ynskjer det, kan ein låna nøkkel til grinda ved byrjinga av skogsvegen på Haugland: Kr. 100,-

Mannsvatnet og elva frå Vatnastølsvatn ein vårdag. Foto: Hans Ordin Østebø