Kommentar til uskedalen.no vedrørande " herverk og pøbelstrekar " v/ Andreas Tarberg.
Fyrst og fremst: herverk og pøbelstrekar er aldri greitt, og dei som utførte dette må ordne opp etter seg. Når det er sagt – eg kjenner fleire av ungdommane som var på festen i går, og har eit umiddelbart behov for å nyansera inntrykket innlegget gir. Ungdommane som hadde samla seg til fest i gamleskulen i går kveld, består i stor grad av årets russ. Som far til ein av dei, har eg gjennom heile russetida latt meg imponera over kor inkluderande, rause og ordentlege dei er – også på fest.
Eg synes det er viktig at ungdommen får samlast til fest, og kjekt at Uskedalen både har lokale tilgjengeleg, og at dei vel nytte disse. Det er ein del av å ha ei levande bygd. Tilbod til ungdom i Kvinnherad under 20 år er ikkje mykje å applaudere.
Slik eg forstår det, var det enkeltpersonar som ikkje klarte å oppføre seg. I staden for å gå til politianmeldelse og innlegg i uskedalen.no, meinar eg dei skuldige bør få moglegheit til å rydde opp etter seg, erstatte skadar, og be om orsaking til dei som har blitt utsett for ufin oppførsel. Eg trur det er like mykje læring i det, som å opprette politisak, med dei uheldige konsekvensane det kan få for enkelte.
Vi har alle vore unge! La oss ikkje skjære alle over ein kam, men være glade for at den flotte ungdommen skapar liv i bygda.
Tekst: Andreas Tarberg Nett: Kristian Bringedal