Stoffet til første boka i den lokalhistoriske serien med nyare Uskedalshistorie er no levert til produksjon av boka. Stoff til komande bøker er under arbeid. To av dei tema som blir arbeidd med no, er speidaraktiviteten og Strandstafetten. På 1960 og 70-talet hadde Uskedalen aktive troppar med både gute- og jentespeidarar. Strandstafetten var eit flott arrangement som samla mykje publikum og deltakarar frå heile regionen i ein 25-årsperiode. Bilde er svært viktige når vi skal skriva om dette, og vi har foreløpig lite av det. Vi håpar at nokon kan hjelpa oss. Spre ordet!! Bilde kan sendast thordossland@gmail.com eller leverast direkte til ein i skriftstyret så ordnar vi med scanning. Ta kontakt!

På bildet over ser vi Hans Martin Håvik frå Idrettslaget Råmund fører an inn mot veksling under stafetten i 1980. Legg merke til at publikum hadde parkert både ved Helgheim og langs hovudvegen.

Til Strandstafetten har vi godt omfang både av skriftleg materiale og munnelege kjelder som var sentrale i arrangementet, men vi tar også svært gjerne mot minne frå andre. Det er altså bilde vi er i manko på. Hjelp oss viss de har!!

Når det gjeld temaet om speidaraktiviteten, er vi heilt i startgropa. Vi har lite skriftleg materiale å halde oss til foreløpig, men vi har snakka med fleire tidlegare gute- og jentespeidarar som vil bidra med minne frå tida i speidaren. Nokre har også sagt at dei håpar dei har bilde i tillegg til at vi har fått tilsendt eit par tre bilde. Vi veit at det var ein variert aktivitet der både jentene og gutane deltok på leirar, til og med landsleirar, ja, dei var også representert utanlands. Vi er m.a. heldige og har fått eit veldig kjekt bilde frå Turid Valvik som blei teke på landsleiren i Fredrikstad i 1969. Vi håpar på god respons slik at vi kan presentera ein god artikkel med gode bilde. Vi har også kontakta speidarmusèet og håpar at dei kan hjelpa oss med noko.

Altså send bilde til thordossland@gmail.com eller lever bilda på lån til ein i skriftstyret, Astrid Haugland, Torkel Stensletten, Svein Rimestad, Harald Sætre eller Thor Inge Døssland. Kontakt oss.

Elles anbefaler vi alle som har interesse av arbeidet i laget om å melda seg inn i facebook-gruppa USKEDAL HISTORIELAG. Til er det no 369 medlemmer, noko som er veldig bra på kort tid.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Leif Arne Døssland