Stoffet til første boka med nyare uskedalshistorie er levert til Salikat Design.

“Her er bunken”, sa Svein Rimestad i skriftstyret i Uskedal Historielag då han overrekte ein liten minnepenn med artiklar og bilde til første boka til Åslaug Snilstveit i Salikat Design. Ho skal no i gong med å utforma boka og gjera den klar til trykking. Trykkinga skal føregå hos Renessanse Media. Formatet på boka blir 17 cm x 24 cm. Det er venta at boka skal vera i salg i starten av november. Det kan også bli førehandssalg på nettet.

Svein Rimestad i skriftstyret informerer Åslaug Snilstveit om arbeidet til no.

Til saman var det 17 artiklar, og rundt 120 bilde som Åslaug Snilstveit kan velja i. Mesteparten av stoffet er henta frå tidsperioden frå 1940 og eit par tre tiår utover, men det er også ein skulestil om jonsokfeiring i bygda frå før 1920. Mange eldre i bygda har bidrege med interessant stoff, noko som skriftstyret er svært takksame for. Dei vil også overbringa ei stor takk til alle som har bidrege med bilde. Desse er svært viktige for å underbygga tekstane.
– Det har vore veldig kjekt å arbeida med boka. Det har vore særs interessant å høyra det kjeldene har hatt å fortelja. Eg har skrive om mykje eg ikkje hadde peiling på frå før. Eg håpar vi klarer å formidla det i boka, for det har vore så kjekt å høyra dei fortelja, seier ein av forfattarane Thor Inge Døssland til uskedalen.no. Han legg til at prosjektet har blitt møtt av masse velvilje og stor interesse.

Siste tida har Svein Rimestad vore ein travel mann. Til langt på natt har han vore oppteken med korrekturlesing av alle artiklane og bildetekstane. Han kan truleg innhaldet utanåt, både framlengs og baklengs, så han har i alle fall tileigna seg mykje god nyare uskedalshistorie.

Ein av forfattarane Thor Inge Døssland, korrekturlesar Svein Rimestad og Åslaug Snilstveit i Salikat Design går gjennom artiklar og bilde, og diskuterer arbeidet vidare.

No ser skriftstyret fram til å sjå korleis resultatet blir når det kjem i ferdig bokform. Og dei er ikkje i mål med det. Dei er allereie godt i gong med bok nr. 2. 6-7 artiklar er godt påbegynt eller nærast ferdige. Dermed kjem det også ganske sikkert ei ny bok i serien i 2023. Skriftstyret har mange tema dei ønskjer å ta fatt på, og i tillegg er dei svært mottakelege for stoff og ikkje minst gamle bilde som kan knytast til aktuelle tema.
Dessutan blir alle interesserte oppfordra til å komma på møta i Uskedal Historielag. Dei blir annonsert her på uskedalen.no, på facebookgruppa, og de kan melda interessa til leiar Kristian Bringedal så får de innkalling på epost. Det er veldig kjekt, interessant og lite forpliktane å vera med på møta.

Mandag skreiv vi at facebook-gruppa Uskedal Historielag hadde 300 medlemmar. I dag er talet allereie 350. Det gjer sida til ein god informasjonskanal om arbeidet i laget. Det er flott at ein melder seg inn, og at medlemmer inviterer andre interesserte til sida.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Morten Nygård og Thor Inge Døssland