I skrivande stund er det akkurat 100 deltakarar som er påmeldt i Uskedalen fjelltrim. Dermed vil neste deltakar starta på det andre hundre. Det er enkelt. Ein lastar berre ned appen Postkassetrimmen gratis. Deretter følgjer ein instruksjonane og vel Uskedalen fjelltrim. For medlemmer i Uskedal Idrettslag er deltakinga gratis. Ikkje-medlemmer vippsar 50,- kr til 133436(Uskedal Idrettslag) så er ein klar til å leggja ut på tur.
Denne veka er det ein ekstra god grunn til å hiva seg med på trimmen. Russen har nemleg aksjon, og ved å skriva seg i boka deira på Ådnaklett er vi med og støttar det viktige arbeidet i kampen mot kreft med spreiing.

Fjorten ulike turmål er med i Uskedalen fjelltrim. På bildet over ser de det populære turmålet Flåtene i Eikedalen. På turmåla får deltakarane frå 3 til 12 poeng alt etter kor krevjande turane er. Dei som samlar minst 50 poeng i løpet av året, er med i trekninga om flotte premiar.

Her er det berre å hiva seg med. Det er både helsebringande og kjekt!

Og anbefalinga denne veka er Ådnaklett. Hugs og skriv dåke i boka!!

Tekst, arkivfoto og nett:  Thor Inge Døssland