Russen ved KVV planlegg å ha ei aksjonsveke for krafttak mot kreft i veke 10. Pengane dei samlar inn då går til det viktige arbeidet mot kreft med spreiing. I tillegg til vanlege bøsseinnsamlingar har dei i år også eit nytt kreativt innsamlingstiltak. Dei utfordrar då deltakarane ved å støtta aksjonen samstundes som dei får seg ein helsebringande tur. Dei slår verkeleg to fluger i ein smekk! 

Russepresident Håvard Bruvik fortel til uskedalen.no at dei har spurt mange lokale bedrifter om dei ønsker å sponse med ein viss sum for kvar person som går tur til eit av turmåla Ådnaklett, Kaldestadåsen og Skjethaug. Deltakarane kan gå kvar av dagane i veka, men ein må huske å skrive seg i bøkene som blir lagt ut på toppane, for å bli registrert.

Sjølv om ein kan gå alle dagagar i veka, blir onsdag 09.03. ein hovuddag her i Uskedalen fortel russepresidenten, Håvard Bruvik.
– Då vil ei jente sitja på toppen av Ådnaklett frå 16:00 til 19:00. Der kan dei som deltar, betale kr 50 til Kreftforeningen, og vera med i trekninga av mange flotte premiar, seier han vidare. 

Russen har altså i tillegg gjort avtale med lokale bedrifter om at dei betaler eit beløp for kvar deltakar som blir registrert på dei tre toppane i veke 10. Samla håpar russen at dette skal gje eit godt beløp til arbeidet i kampen mot den alvorlege sjukdommen.
-Vi håper å sjå deg og mange andre uskedelingar og kvinnheringar på ein av toppane i løpet av veka slik at mange er med og deltar i den kjekke konkuransen, avsluttar den hyggelege russepresidenten, Håvard Bruvik, som representant for årets positive og iniativsrike russekull.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Russen v/KVV