Frå nyttår er det slutt dei opptrykte registreringskorta for Uskedal fjelltrim. Frå no av skal deltakarane lasta ned appen “Postkassetrimmen” og registrera turane med eit tastetrykk på mobiltelefonen. Det er så enkelt at alle får det til, og for underteikna gjer det fine turar endå meir motiverande. Ordninga er prøvd ut av 87 turtrimmarar i hausthalvåret.
– Vi kjem ikkje til å trykka opp dei kjende turkorta for 2022, men om nokon ikkje kan eller vil bruka appen, får dei lov til å levera på papir også for dette året, seier Steinar Haugland i turgruppa i UIL, og minner om at papirkorta for 2021 må leverast innan 10.januar.
Bildet over viser utsikt frå Klepp som kom med på Uskedal fjelltrim i haust, og som er blitt eit svært populært turmål.

Flåtene ytst i Eikedalen er eit populært turmål.

Å lasta ned appen “Postkassetrimmen” er gratis. Gratis er det også å delta i Uskedalen fjelltrim for medlemmer i Uskedal idrettslag. Andre må betala 50,-kr som dei vippsar til 133 436(Uskedal idrettslag). Når det er gjort, er dei registrert og klar til å prøva ut den kjekke nyvinninga.

Appen held deltakarane heile tida oppdatert på kor mange poeng dei har. Dette vert registrert omgåande og lagra slik at dei kan sjå tilbake på det seinare år. Dei kan også få vita korleis dei ligg an i forhold til andre trimmarar. Appen innheld også kart som viser dei ulike postane. Den fortel også kor mange meter det er til registreringsposten, for å nemna noko.

Eit utsnitt frå appen og nokre av 24 trimmarar som har fått ein god start på turåret.

Når ein er framme ved posten, sjekkar ein inn ved eit tastetrykk på mobilen(hugs å vera kopla til mobilnettet). Dei som ønskjer det kan også ta bilde som blir lagt ut. Alt er sjølvinstruerande og veldig enkelt.

Underteikna blei tipsa om appen i september og har såleis prøvd den i vel 3 månader. Den er svært enkel i bruk, og den er både kjekk og ekstra motiverande å ha med på tur. Sjølv om eg tapte den interne konkurransen min mot Karin Tungesvik med nokre poeng, kunne eg på nyårsafta slå meg på brystet og sei stolt til meg sjølv: ” Thor, 170 poeng! 2 meir enn ingen ringare enn Bjarne Lilleaas!”

Desse 16 turmåla er med i Uskedal fjelltrim:

  • 3 poeng: Ådnaklett, Flåtene, Børsdalen(kalkestasjonen), Leiteshaugane.
  • 4 poeng: Storhaug, Klepp.
  • 5 poeng: Såto, Låganåso, Fjelly, Skorpefjellet.
  • 8 poeng: Råkjo(Solfjell), Tverrfjell
  • 10 poeng: Manen
  • 12 poeng: Englafjell, Geitadalstind, Ulvanåso

Hausten 2021 var det 87 trimmarar i Uskedal fjelltrim som prøvde ut appen Postkassetrimmen. Dei første dagane i dette året har 24 registrert seg.

Vi seier berre: last ned appen, registrer deg og du har fått ein god turkammerat!

Det blir nok lettare å gå til Låganåso no når eg har fått appen.(Foto: Randi T. Døssland)
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland