Ta turen i skogen og sjå kunstverka til Sindre Aksnes.

For ei tid tilbake hadde vi ein artikkel om tusenkunstnaren Sindre Aksnes(27). Då omtala vi innandørsaktivitetane hans som tredreiing, treskjering og musikk. I dag føl vi opp med å visa ei anna side ved denne unge og dyktige kunstnaren, kunsten i skogen.
Mange turgåarar tar utgangspunkt frå brua over til Hauglandsheio. Dei fleste går då vegen til kalkestasjonen. Nokre går ned langs elva, tar til venstre og går den vakre turen gjennom skogen til kalkedoseraren.
For dei som ikkje har gjort det, vil eg anbefala å gå nokre meter vidare på vegen langs elva og ta til høgre inn på stien og gå gjennom skogen som går nedover til Kaffihålo. Der kan ein også gå over brua og fortsette nedover på høgre sida av elva.

På denne turen vil ein bli møtt av mange imponerande, artige og flotte verk av Sindre Aksnes. Her har han boltra seg med motorsag og vinkelslipar som viktigaste hjelpemiddel. Materiala han har skapt kunstverka frå er i hovudsag trestubbar, stein og berg. Det er imponerande å sjå alt ungguten har laga. Her bør ein ta seg god tid, kika seg rundt for å oppdaga alt som “rører” seg. Når ein nærmar seg Kaffihålo, kan det vera lurt å trekka frå stien og ned mot elvefaret for å oppdaga alle.

Dette er ein flott plass for familieturar med spennande skattejakt for heile familien. Dette er artig for både små og store!! Eg vel å presentera kunstskogen gjennom bilde, men gjer merksam på at der er langt fleire. Nokre let seg ikkje fotografera, og alle er sjølvsagt meir imponerande der dei står i skogen enn på bilde!

Når vi kjem inn i skogpartiet blir vi møtt av denne karen.
Her er eit anna medlem i mottakskomitèen.
Nede ved nokre gamle murar har denne karen slått seg til ro.
Vi treffer også på ein som truleg kan vera medlem av fiskeoppsynet.
Denne kallar på storlaksen!
Fleire plasser dukkar det opp runer og helleristningar.
Desse to karane har full oversikt over dei gode fiskeplassene.
Denne storfiskaren var ikkje så enkel å fanga opp på bilde.
Nedimot brua dukkar det opp ein havhest og helleristning av ørn.
I dyreparken møter vi også dette koselege ekornet.
Vi avsluttar vår tur med denne ørna som sit trygt og godt. De kan fortsetja og finn mykkje anna artig!
Sjølvsagt må ein ha eit vake auge på barna viss dei bevegar seg nær elva.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland