Den tidlegare trommekunstnaren Sindre Aksnes er eit mangsidig talent!

Vi kjenner Sindre Aksnes(26) først og fremst som ein særdeles dyktig slagverkar som for nokre år sidan imponerte saman med mange ulike musikarar. Etablerte professjonelle musikarar karakteriserte han som eit unikt talent.
Dei seinare åra har det vore stillare frå trommene medan Sindre har utvikla seg på andre kunstnarlege “jaktmarker”. Særleg har han etter kvart gjort seg bemerka som ein særs dyktig trekunstnar.

Sindre lagar mykje forskjellig! Nydelege ting!! Legg merke til den gedigne trehatten han har på seg!
Mora harr plenty med flotte pynteting. Til og med tulipanar lagar Sindre til ho.

Uskedalen.no tok ein tur innom verkstaden hans i Kaffihålo på Haugland, og det var ein imponerande produksjon som møtte oss. Mykje av det pynta opp i stova i heimen.
Sindre fortel at han alltid har likt arbeid med tre, og i tillegg er han opptatt av gammal kulturhistorie. Han kom over bilde over trekunst frå tidlegare tider, og han let seg inpirera til å prøva.
– Eg syns at det var fasinerande, og fekk lyst til å kopiera det sjølv så eg begynte utan noko særleg utstyr. Det gjekk jo ikkje særleg bra. Så kom eg over tredreiing der vi ikkje treng så mykje utstyr for å komma godt i gang. Tredreiing begynte eg med for ca. tre og eit halvt år sidan, medan eg begynte med treskjering for alvor for ganske kort tid sidan, fortel Sindre om oppstarten.

Han fortel at tresdreiing gjev fortare fine resultat medan det krev mykje tolmodighet når det kjem til treskjering.
– Då må ein øva på tolmodighet, og det tar lengre tid enn ein trur.

Sindre ved dreiemaskinen.
Sindre i arbeid med treskjeringsjarna han kjøpte for kort tid sidan. Motivet har han tekna frå portal på ei stavkyrkje i Setesdalen på 1200-talet.

Han fortel vidare at han lærte seg tredreiing på youtube, medan han har lest nokre bøker som ligg på nasjonalbiblioteket.no for å læra treskjering. Dermed kan vi trygt seia at han er sjølvlært.
Han fortel også at han finn inspirasjon til motiv på nettet og i bøker, og av og til kopierer han frå andre. Han viser spesielt fram eit par nydelege produkt som han har kopiert etter ein amerikansk treskjerar som heiter Phillip Odden. Samtidig understrekar han at desse kan han ikkje selja på grunn av copyright. Men han teiknar og opp mange mønster sjølv, og då står han fritt.

Eg spør om han lagar ting på bestilling, men då svarar han klart nei, men han opnar opp for at det kan bli mulighet til å få kjøpt den flotte trekunsten hans.
-Det er nok mulig at eg kjem til å leggja ut noko for salg på facebook, og i tillegg kjem eg nok kanskje til å vera med på nokre marknader. Sidan det er hobby, likar eg å jobba etter inspirasjon med ting eg har lyst å laga. Derfor vil eg ikkje låsa meg til forhåndsbestillingar.

Den eminente slagverkaren demonstrerer at han også trakterer toradaren på ein framifrå måte!!

Avslutningsvis må vi peila samtalen over på musikken, og han fortel at slagverket blir lite brukt for tida. Heldigvis opnar han for at det kan bli comeback når sjansen byr seg. Siste åra har han sysla med andre instrument, men beskjeden som han er, seier han at det nok berre er toradar, i tillegg til slagverket, som han er flink nok til å spela for andre. Toradar har han traktert dei siste 6 åra, og underteikna får ein smakebit som verkeleg understrekar talentet. I tillegg veit eg også at han lagar munnharper som han spelar på.
– Men eg har og høyrt om både bukkehorn og fløyter av hjortehorn, prøver eg meg.
– Ja, eg har no prøvd å laga nokre slike, men eg veit no ikkje om eg vil kalla det musikkinstrument. Eg meiner no dei passar best til pynt, avsluttar den beskjedne kunstnaren i Kaffihålo der han står med den imponerande trehatten som han laga for eitt års tid sidan.
– Ja, og så må du få med at det er både kjekt og lærerikt å vera saman med treskjerargjengen som er i skulen om onsdagskveldane, legg han til heilt til slutt.

Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland