Arrangørane har no bestemt at utdelinga av Folkehelseprisen for Hordaland 2020 til Astrid og Pål Haugland i morgon kl.17 blir flytta til Uskedal vassverk sitt anlegg på Eik, ved inngangsporten til Eikedalen. Opprinneleg var det meininga at arrangementet skulle vera ved den nye gapahuken på Flåtene. Verutsiktene er for usikre med tanke på å ha det der, i og med at det er mykje som må transporterast inn til Flåtene, slikt som høgtalaranlegg, aggregat, instrument, kake m.m.

Programmet vil gå som planlagt. Vermeldingane tilseier at det skal gå fint å gjennomføra det på Sørestølen som plassen heiter. Forhåpentlegvis blir veret såpass bra at dei som ønskjer det, kan ta ein tur inn til den nye gapahuken på Flåtene etter at seremonien er ferdig. Det er ein fin tur på under halvtimen.

Vi kan kjøra heilt fram til vassverksområdet, men med omsyn til parkering blir dei som har kort veg, eller vil ha ein ekstra trimtur, oppfordra til å gå.

Uskedal helselag er arrangør og dei håpar mange møter opp når dei to eldsjelene får utdelt den høgthengande utmerkinga.

Tekst, arkivfoto og nett: Thor Inge Døssland