I vår blei Astrid og Pål Haugland(bildet over) tildelt Folkehelseprisen for Hordaland 2020. Det var meininga at dei skulle fått utdelt prisen på eit arrangement ved den nye gapahuken på Flåtene ytst i Eikedalen den 17.juni. Samstundes skulle det vera offesiell opning av gapahuken. Arrangementet måtte utsetjast då vergudane sette ein stoppar for det. No er det bestemt at utdelinga blir mandag 9.august kl.17.

Ved denne gapahuken skal arrangementet føregå.

Pål og Astrid Haugland er tildelt prisen for den store innsatsen ekteparet har gjort gjennom aktivt arbeid for god folkehelse gjennom meir enn 50 år. Det var Uskedal helselag som var forslagstillar, og det er dei som står for arrangementet der overrekkinga skjer. Arrangementet blir på Flåtene ytst i Eikedalen der dugnadsgruppa, som blir leia av Pål Haugland, har bygt ein av to nye gapahukar siste året. Den andre er på Klepp på Hauglandsfjellet.

Programmet startar ved at dei frammøtte syng songen “Eikedalen” skriven av Engel Stensletten. Bjørgulv Eik vil fortelja litt om bakgrunnen for denne vakre songen som Uskedal musikklag i haust fekk laga eit korpsarrangement til. Veteranbandet spelar til allsongen.
Etter det vil Audun Eik fortelja litt om bakgrunnen for dugnadsgruppa, og om arbeidet med bygginga av gapahuken før det er snorklypping slik at gapahuken er offesielt opna.

Dermed er gapahuken klar til å takast i bruk, og den kunne ikkje fått ein betre start enn overrekkinga av Folhelseprisen for Hordaland 2020 til Pål og Astrid. Det er Elsa Helland frå styret i Nasjonalforeningen for folkehelse Hordaland som kjem for å overrekka prisen.

Etter det vil bli meir allsong, og veteranbandet i musikklaget vil framføra ei lita variert avdeling med musikk som vi trur vil låta ekstra vakkert mellom dei mektige fjella. Helselaget byr på kake, og dei oppfordrar folk til å ta med kaffi eller anna drikke.

For dei som ikkje er kjende, så er det ein kort og lett tur til Flåtene. Ein kan velja om ein vil gå frå Feet(Elins matgleder) eller frå vassverket på Eik.
Arrangørane håpar at mange vil møta opp for å heidra dei flotte prisvinnarane for det store arbeidet dei har gjort for bygda.

Denne gongen vil utdelinga bli gjennomført. Skulle veret bli for usikkert, blir arrangementet flytta. Det vil då bli ved Uskedal vassverk sitt anlegg på Eik der startpunktet for turen inn til Flåtene og Eikedalen er. Dit er det mogeleg å kjøra med bil. Ei eventuell flytting vil bli gjort kjent på uskedalen.no og på Uskedal helselag si facebook-side før kl.13 søndag. Så følg med!

Tekst, arkivfoto og nett: Thor Inge Døssland.