Fantastisk ettermiddag med hesjedugnad på Dønhaug!!
Folk i alle aldrar strøymde til!
I ettermiddag og kveld har det vore særs stor aktivitet på festivaljordet på Dønhaug. Folk i alle aldrar strøymde til den faste hesjedugnaden, og vi kan trygt sei at arbeidet gjekk med liv og lyst. Stemningen var særdeles god slik det blir når dugnadssamarbeidet går på tvers av aldergruppene. Her var dei yngste berre få år medan dei eldste var nær 80. Eg trur alle hadde det like kjekt!!
Arbeidet gjekk effektivt unna, og no begynner arenaen verkeleg å ta form. Det kjem til å bli eit særdeles flott område som tar mot Festidalen-publikummet også i år.
Hesjedugnadsøkta blei avslutta med herlege lappar, som Kjellaug Hella Myklebust steikte, og saft og kaffi. Underteikna klarte dessverre ikkje telja kor mange som var med, men eg let bilda nedanfor tala for seg.
Parallelt med hesjedugnaden var mange andre i sving med anna dugnadsarbeid.
Les også om dei flinke ungdommane.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland