Treng framleis fleire frivillige.

Då eg var ein kjapp tur oppom Festidalen- området på Dønhaug søndag ettermiddag, var ein god flokk dugnadsarbeidarar i gong med å gjera klart til Festidalen komande fredag og laurdag. Framleis er det Steinar Haugland som leiar arbeidet med arenaen, men det var svært gledeleg å sjå at det krydde av ungdommar i 18 års-alderen. Denne fornyinga sette Steinar Haugland stor pris på! På bildet over ser vi f.v. Svein Jarle Legland, Ådne Bruvik, Mathias Børve, Vidar Eidsvik og Kristoffer Hauge.

Kristoffer Hauge og Ådne Bruvik lesser flakar over på sekketralla. Tobias Hella Berge-Soldal og Karsten H. Bjørnebøle frå elektrikargruppa ser på. Sondre Kjerpeseth og var i elektrikargruppa.

Først trefte eg på ein god gjeng som akkurat då heldt på å få på plass mengder av pallar og flakar som skulle brukast til golv i telta. Fleire av telta var allereie komne opp m.a. det store teltet som skal vera frivilligbase og bar. Pål Ingmar Haugland har alt fleire års erfaring som frivillig. Dette året hadde han avansert til traktorpilot og frakta pallar og flakar til festivalområdet. Resten av gjengen stod klar med sekketraller og transporterte dei vidare ut til der dei skulle brukast. Etter to år utan Festidalen, var dei fleste nye i frivilliggjengen. Dei gav uttrykk for at det var kjekt å vera med i fellesskapet, og så var det viktig for dei at dei ytte sitt bidrag til at Festidalen blir arrangert. Mathias Børve understreka det slik kor viktig Festidalen er for Uskedalen:
– Det er kjekt å vera med, og spesielt for uskedelingane burde det ha vore obligatorisk å vera med som frivillig.

Ella Hjønnevåg, Saima Døssland og Athene Santiago har sett opp mange meter med gjerde saman med Ådne og Håvard Bruvik.

Litt lengre borte på jordet møtte eg på “gjerdegjengen”. Dei hadde alt fått på plass mange meter med gjerde, og no var dei i arbeid med å få på plass flakar og pallar til golv i eit av telta. Saima K. L. Døssland hadde leiaransvaret i denne gruppa. Det hadde ho overtatt etter eldstebroren Halvard som hadde hatt det i fleire år. Ho fortalde at alle i gruppa var nye, og ho hadde ei god forklaring på kvifor dei var frivillige.
– Det er kjekt og sosialt å jobba her, og så er det utruleg kjekt å gå på konsertane og vita at du har vore med på å få dette til.
Ådne Bruvik frå Husnes understreka det same og la til at det var Saima som hadde rekruttert han og fleire til gruppa, og hadde gjort ein god jobb på det viktige området òg!
– Det er jo kjempeviktig at det blir festival, supplerte Ella.

Ådne Bruvik og Saima Døssland med sekketralla medan Athene Santiago og Ella Hjønnevåg ber ei palle.

Nede på campingen var Kevin Kvernenes i full sving med rigging av telt saman med faren, Svein. Innimellom traktorkjøringa fekk dei hjelp av Pål Ingmar Haugland.

Pål Ingmar Haugland er allereie ein rutinert Festidalen-frivillig.

I gruppa som syt for å få det elektriske opplegget på plass, var ein del gamle “travarar” på plass, men dei fekk også god hjelp av ungdommane Sondre Kjerpeseth, Karsten H. Bjørnebøle og Tobias Hella Berge-Soldal med bakgrunn frå elektrolinja på KVV.

Medan eg snakka med ungdommane, registrerte eg også at den dyktige gjengen i pyntegruppa var godt i gong med arbeidet sitt. Der var det stort sett kjente ansikt frå Festidalen 2019.

Stano og Steinar byggjer vegg til baren medan Helge Sunde(bakerst) er i sving med det elektriske opplegget.

Steinar Haugland var svært fornøgd med at dei hadde fått så mange nye og unge med på laget. Det lovar godt for Festidalen-framtida. Når eg spør om korleis det står til på frivilligfronten berre få dagar før det brakar laus, svara han at det framleis er behov for fleire, særleg på laurdagen.
Billettsalget er svært godt, men viss ikkje det dukkar opp fleire frivillige, må det vurderast om billettsalget må stoppast.
Kanskje fleire burde høyra på Mathias si oppfordring lengre oppe i saka?

God stemning var det i alle fall på Festidalen-jordet. Då eg forlot arenaen var pizza på veg til sosialt fellesmåltid.

Katarina og Stano, opphaveleg frå Slovakia, kom med i frivilligarbeidet til Festidalen i 2019. No er dei blitt foreldre til Annika(2,5 mnd) og har kjøpt hus på Utåker. Stano jobba for fullt som snikkar, medan Katarina hjelpte til innimellom barnepass.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.